Mariushue var ein del av årets farsdagsgåve.
Strikka i Sterk frå Du Store Alpakka etter vanleg Mariusmønster, herrestr.
Alltid spennande sjå om det vert treff, i og med at far i huset er "allergisk" mot stikkande klø-garn (men dette klør altså ikkje!), og modellen attpåtil var av den "baggy" sorten. ツ
Men det vart fulltreff, for far skryter av varm og god hue (litt opplæring må riktignok til når ein baggy hue skal brukast og sitte rett når ein er fersk i faget...fnis....)
-og kløing har eg ikkje høyrt eit pip om!
Huen var i bruk seinast i dag på tur! (>‿◠)✌
I dag lufta vi oss med tur i Førde. Frå Grovene til Legene, ein støyl under Førdsnipa.
Vår firbeinte turkompis set stor pris på å få vere med.
Greit med tørt og fint vêr, for ho her treng ein klypp....Ikkje særleg praktisk med så lang pels.
Skal tru om ho ser noko framfor auga lengre...huff, nei mor må nok kvinne seg opp med klyppemaskina igjen....
I formiddag hadde vi nok årets aller siste solstrålar inn i huset, eg rakk akkurat å knipse
i dei få minutta ho var framme...
No satsar vi berre på at vinteren vert like fin som hausten ツ