No er jula over og det går an å legge ut litt meir av det som vart strikka til jul.
Nokre
forstod nok kanskje at dei kom til å få tovavotter...det var
jo den heilt store farsotten, og ser på nett at den ser ut til å halde
fram. Eg har sjølv brukt mine tovavotter i jula -kjempedeilige!
Men det var ikkje berre vottar under treet frå meg...
Desse sokkane vart strikka nesten etter fri fantasi.
Desse sokkane vart strikka nesten etter fri fantasi.
Brukte Denversokken som utgangspunkt og fann litt Pac-man mønster på nett som vart miksa inn.
Garn er Sterk frå Du Store Alpakka
Pinnenr 3,5
To tantebarn som bur eit stykke unna fekk seg Mariusgensere til jul.
Den første strikka i god tid, den andre i eit rasande tempo i begynnelsen av desember.
Den lokale butikken var tom for gråfargen, og etter mykje venting og stigande panikk, var det berre å bestille på nett, PJUH! Vart ferdig i tide til å sende til jul....
-Og rykte seier jentene vart fornøgd!
Garn er igjen Sterk frå Du Store Alpakka
Min yngste niese fekk denne til jul.
Det er eit mønster av Tora Frøseth Design som heiter Magda,
du får kjøpt det HER
Den vart stor i størrelsen (sjeldan eg opplever!), veit ikkje om det er garnet eller oppskrifta.
Den er strikka i Alpakka garn frå Nille, eit herleg garn å strikke og ser fint ut,
blir spennende å sjå korleis det blir i bruk.
*
Vel, det var litt strikking frå meg... neste post trur eg må bli turbilder,
har vore fint turvêr her i jula, så det har vore herleg å komme seg ut!
Her er ein smakebit frå 1.nyttårsdag