I dag har eg hatt fri og var fast bestemt på at eg skulle ta med meg kamera når eg skulle ut.
Det letta heldigvis litt med regn i dag, men det er ganske så grautete tåkedis ute, så det såg ikkje så lovande ut for fotografering. Men det er rart med det, det er som oftast noko å ta bilete av likevel...
Sheela var sjølvsagt med
Men ho gjorde det ikkje enkelt å ta bilete og halde kamera i ro, når ho plutseleg rykka i bandet,
og alt på biletet var plutseleg litt uklart kan ein seie....
Juletreet vårt flytta ut frå stova i går, og har visst fått seg ein mellomstasjon i hagen...
Vart litt varierande fargar alt etter instillingar på kamera i dag.
Ha ein fin dag!
lieve groetjes van gré
SvarSlettSer du har kosa deg i dag ja :o) masse flotte bilete, du er kjempeflink! Alle bilda var superfine, men bilete nr 2 var berre lekkert!
SvarSlettHa ein fin kveld, snakkast i morgon :))
Hei og godt nytt år.
SvarSlettMå bare fortelle deg at min datter har funnet fram til den Osloanorakken du strikket i fjor vinter og ville gjerne ha en akkurat sånn til sin lille 1-åring. Den er jo kjempefin i de fargene, så jeg forstår henne og da skal jeg selvsagt lage en slik.
Flotte bilder du har tatt.
Hilsen Tone B=)