Etter å ha laga eit større etui til pinnane, måtte eg jo prøve meg på ei mindre reiseutgåve :)
Denne lagde eg litt annaleis oppe slik at lengden på pinnane ikkje er låst.
Har oppdaga at ikkje alle pinnane mine har lik lengde så det kunne jo være lurt.
Men ser at når eg brettar ned er det lettare for at lokket stikk litt ut på sidane
når eg bretter det heilt igjen...
Men pytt, det gjer no nytta si!
Var på tur eit par dagar i vinterferien, og då var det kjekt å ha med denne
lille og lette til nokre få pinnar ekstra
Stor og liten utgåve matcher...
Må sy nokre pinneetui til, kjekke gåver, og kan få brukt litt restestoff (og litt nytt!)
*
Trur forresten eg sette ny verdensrekord når eg var i Bergen denne veka!
Dette var det eg la igjen i følgande butikkar:
Ikea kr: 66,-
Stoff & Stil kr: 167,-
H&M kr: 29,50
Denne rekorden kjem nok ikkje til å bli sletta med det første, ikkje av meg i allefall!!!
No er det helg, og eg skal kose meg både med symaskina og strikketøy!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar