onsdag 5. juni 2013

Ny uteplass ツ

-Før-

 I løpet av mai har vi styra med å lage oss ny uteplass. Vi har tidlegare vore fornøgd med ein paviljong av stålkonstruksjon og duk. Men med det vêret vi har mest av her, der vi måtte passe på duk i blesten og regn som pøste inn og møblar som blei våte, var vi sååå klare for ein meir permanent plass, som ikkje skulle koste skjorta....
Ikkje alltid så enkelt det, vinterhage hadde vore flott, men det var dei pengane då... 
Eg satte dei små grå i sving, og etter ein tenkedag ble idè presentert for gubben. Han tende tydeleg på idèen og nesten før eg hadde fått sukk for meg var han i gang å rive gammelt!
På bilde over er allerie eine  skilleveggen som stod mellom platting og tørkestativ tatt vekk.
Den eine plattingen har vorte til ein ny sitteplass ein annan stad i hagen, og den andre er skrudd saman og blir til badebrygge!

 Her er ny platting under bearbeiding og den gamle som var under paviljong er tatt vekk.
Dette er i slutten av april.



 Vegger og tak tek form


 Vegger er ubehandla og uhøvla kledning som må beisast. Tak er sota, gjennomsiktig plast.

 Vi jobba som gale, og til 17.mai stod plassen klar til bruk!
Manglar litt enno, men nok til å kose seg!
I ettertid er det komen på plass glas i vindauget i bakkant, og kva dag som helst no kjem skyvedørar som skal settast i front slik at det er mogleg å lukke att for regn, vind og knott!
Har òg kjøpt tynne gjennomsiktige svarte gardinar som skal holde knotten ute når dørane står opne.



Her manglar forstatt døren som går vidare ut til tunet og det gamle skjelettet til paviljong skal sjølvsagt vekk...Ikkje alt er heilt på stell enno...
 

Testing i godt lag! :)

 Det byrjar å grønskast og blomstre

No er det berre å nyte lyse kveldar og kose seg...

Eit par bilete av korleis den gamle plassen såg ut.
Koseleg det òg, men den nye blir konge!
Berre å vente på at plenen skal ta seg på tak, i år har vi hatt skikkeleg grasbrann, 
og det ser ikkje ut  her. Vi har sådd i litt nytt og gjødsla, 
og ser stadig at det blir betre, men det tar tid...
Vi må berre smørje oss med tolmodigheit og håpe...men det er nok lenge til plenen 
ser like grønn ut som her
Får komme med fleir bilde når resten er på plass!
No må eg på litt fotosafari og knipse blomstring!


4 kommentarer:

  1. wat woon jij mooi anita geweldig mooi terras

    groetjes gré

    SvarSlett
  2. Såååå fint det det blei med ny hagestue!!
    Deilig å kunne sitte der i all slags vær:)
    Ha en nydelig dag!!
    Klem Reidunn

    SvarSlett
  3. Her får dere mange fine stunder. Dette var kjempefint !!!
    Helt knall i padden...som de sier inni Bergen :)

    Klem,Kjersti

    SvarSlett
  4. Så flott de har fått det !! Her kan de nyte lange lyse sommer kveldar og netter.... :-) God sommar 8-)

    SvarSlett