På ettermiddagen i dag har vi vore i bursdag til niesa mi som fyller 5,
og då vert det litt heimelaga frå tante...
Monsterbuksa er denne gang laga i Drops Nepal pnr.5
Fargane er i seg sjølv litt "dropsaktig" :)
La opp 96 masker og det vart passeleg til 5 år.
Har nytta meg av mønsterfroklaringa til "Smoochie"
ellers er det fri fantasi i fargar og mønster.
Sommarslege fargar... Pynta med Hello Kitty....
Ho er ganske oppteken av sjørøveri (les Kaptein Sabbeltann) for tida,
så det blei eit sjørøvarkort i god jentestil ;)
Eit lite rosa Zhu-Zhu pet-marsvin fulgde òg med gåva,
så ein kan trygt sei vi har holdt oss innafor rosa-malen!
Vi har hatt ein strålandes dag, først på skøyteisen i nydeleg sol med varm kaffi og grilling,
og så i triveleg bursdagskalas etterpå!
Det er dagen sin det!
(kanskje eg får laga til litt bilete frå skøyteisen òg etterkvart)
Ha ein strålande søndagskveld!