mandag 31. desember 2012

Strikkekavalkade 2012

 I år avsluttar eg året med ein "varetelling".
Har ikkje pleid å lage meg ein kavalkade før, men i år tenkte eg det var på tide.
Faktisk litt artig å sjå kva ein har laga gjennom eit år.
Trur jo gjerne ikkje at det har vore laga så mykje, men jammen vart det no litt likevel...
Så i går, mellom runder med snytepapir og nesespray (Ja, eg avsluttar året med ein skikkeleg forkjøling...) mens eg satt her og strikka :) og lata meg, så tok eg meg ein runde på maskina 
i mappen "Heimelaga", og der dukka det fram litt forskjellig!
Her kjem eit bilderas ;)














Må nesten le litt, eg som aldri kunne bli nokon sokkestrikkar...
Etter opptelling å døme har eg faktisk strikka 17 par berre i år! ;)
-av disse er 7 par av Denver-sokken!
Av telys-strikka vart det laga ein heil mange, så der er eg ute av telling...
Nokre fleire kjøkkenklutar var det visst òg.
Ser at variasjonen har vore ganske stor trass alt ( ikkje berre sokkar! :)
Og det meste er gitt vekk, DET er det kjekke med ein slik hobby, så kjekt å 
kunne glede andre med litt heimestrikka!

Eg hadde ønskt å kunne gje denne helsinga personleg til kvar og ein av dåkke,
det går sjølvsagt ikkje, men vil at de tek den personleg likevel!
Så kjekt å få helsingar frå dåkke her og ein fryd å besøke alle dei flotte bloggane, 
De er alle til stor inspirasjon og glede!

 Eg vil TAKKE alle for følget i 2012 
og ønske mine trufaste følgarar 
EIT GODT NYTT ÅR!
-Må det nye året bringe mykje glede!





søndag 30. desember 2012

Varmeflaske

Eg driv ikkje å strikkar så hardt som det kan sjå ut som, det er 
berre det at no kan altå julegåvene publiserast...
Denne vart gitt bort til søstra mi, som hadde varmeflaske på ønskelista si.
(og det såg eg ETTER at eg var starta!! Oh-yeah! ;)
Inspirert av hundegensaren og med restegarn frå den, var det ein grei sak!
Eg telde meg ut til ca antall maskar eg trengde (målte varmeflaska på hundegensaren...)
og tilpassa mønsteret, det vart i grunnen bra passeleg.
Brukte nesten 2 nøster av Karisma.
Starta nede og strikka meg oppover, fann eit mønster på nett som eg følgde fellinga på oppe.
*
-Og mottakar vart fornøgd, så då er eg fornøgd! ;)

fredag 28. desember 2012

Julestemning

 Desse bileta vart tekne i går, då var det den ultimate julestemning utandørs.
No bles det opp ute og snøen virvlar vekk frå trea, og det ular lett i skorsteinen,
jaudå, det har no si sjarm det òg, men  eg føretrekk "postkortstemning" :)

Er spent på korleis kjøreforholda er i morgon når eg skal på jobb....dei melder nemleg regn i natt......











 Vi har ein hund etter snø, det er tydeleg berre sååå moro!
Anten hoppar ho som ein hare i snøen eller så er snuten bora godt ned i snøen.
Med den pelsen ho har, ser det ut for å være ein lur investering å kjøpe "utedress", 
så slepp ho ligge på opptining i lange stunder etter ein utetur!
På siste bilete er ho ikkje såå fornøgd, når bandet er kome på...


Fortsatt fin jul!

torsdag 27. desember 2012

Oslo-anorakken

Denne Oslo-anorakken var ein av julegåvene som låg under eit tre i år.
Eg strikka den til ei frøken eg er tante til, og lillebroren fekk samme, den 
har eg blogga om tidlegare HER
Og begge goingane til tante har hatt dei i bruk så eg har fått sett dei på, 
dei var so fine atte! :)

 Eg har strikka i Drops sitt Nepal garn, synast det er eit heilt herleg garn å strikke.
Oppskrifta er frå Pickles, den finn du  HER.

Litt pynt og personleg "stæsj" må til...

Ha  ein fin kveld!

onsdag 26. desember 2012

GOD JUL

Med ønsker om ein fortsatt god jul og nokre få bilde frå litt julestæsj!
Kjem snart tilbake med bilde frå litt heimelaga som ikkje kunne 
publiserast før jul! :)
Derfor få innlegg før jul, kunne jo ikkje publisere så mykje då, og ikkje var det tid heller
 mellom strikkepinner og juleforberedelser....
Men altså; god romjul så lenge!

tirsdag 11. desember 2012

Desemberbloggsyndromet...

 Desember er verkeleg månaden for bloggtørke... Ikkje det at det ikkje blir produsert noko, men det er jo meir eller mindre håplaust å få tida til å strekke til!
I fleire dagar har eg hatt som mål å prøve å få til eit innlegg, og i kveld var det berre snakk om å prioritere hardt...
Eg hadde ein plan om at eg skulle vere komen så langt med juleførebuingane til no at det berre skulle vere å kruse inn i desember----HA-HA!!! SNAKK OM OPTIMIST!!!!
Øverst er raggsokkar som eg strikka til snuppa no i slutten av november. Ho proklamerte at ho ikkje hadde fleire tjukkelabbar som passa, og eg som strikkar til andre kan då ikkje ha ei dotter som er sokkelaus!!!! Det får då vere grenser, så då var det berre å hive seg rundt sjølv om andre juleproduksjonar stod i kø....
Med raggegarn og pinner 4,5 gjekk det heldigvis unna!

 Av og til må ein ta seg eit pust i bakken, og første helga i desember var vi så heldige å verte inviterte til "fjells" på heimelaga, steinovnsbakt pizza, dessert, og bading i stampen! Det var min dyktige kollega Mariann som stod for oppvartninga, og då er det berre å nyte, for ho er heilt rå på den slags!
Det vart ein nytelsens kveld, 14-15 minusgrader ute, men varme  både i stampen og hos vertskapet;
 så her blir vi teken godt vare på!

 Det er jo slett ikkje alt som kan bloggast om i desember heller, sjølv om ein hadde hatt tid...
 Men tek med nokre få "til-frå lappar". Har laga nokre stykker etterkvart, men dei fleste er laga litt enkle i år, dette er dei få eg faktisk har måla motiv på...

 På  søndag rakk eg å få laga meg dørkrans, mellom lefsebaking og anna.
Då var temperaturen litt meir human ute og det var berre å nytte seg av det å komme seg ut. 
Det er ikkje så festleg å stå ute i minus 12 grader å binde krans, så eg hadde nesten trudd at det ikkje blei naturkrans på døren i år, så det vart jo reine bonusen at eg fekk gjort det likevel!
Kransen er laga på eit halmhjarte, surra fast eine, tyttebærblad og lerkekonglar. Litt dårleg bilete, var finare i verkelegheiten!

Til sist har faktisk underteikna prioritert å strikke eit par halsar til seg sjølv!!!
Den blå var ein test med noko restegarn (Topp til tå og Drops kid silk) og det gjekk så bra at det var berre å lage ein til i samme slengen.
Den grå er strikka med Pumo Metallic frå Rauma (sølvtråd i, viser ikkje så godt på bilete) 
Begge i perlestrikk på pinnar nr.9. La opp 115 maskar og strikka rundt.
Kjempedeilige halsar i kulden! :)
I morgon er det fridag og det skal bakast noko meir. I tillegg håpar eg snart å vere ferdig med innpakking og julekort, og kanskje følgje opprinneleg plan om å SENKE skuldrane! :)
Ønsker ein fin førjulstid!

fredag 23. november 2012

Vin-tags

 Her er litt meir som skal få vere med på messe i morgon.
Denne gang vin-tags.


 No håpar eg at eg har kontroll på alt som skal pakkast med.
Er vanskeleg å vite om mengdene er rett også, 
veit jo aldri... men det er sånn det er.
Og det eg ikkje har rukke til no det er bare å glemme, no er det 
endeleg fredagskvelden og det skal roast HEILT ned!

 Litt fleire Toffifee-eskar...

Håpar mange av oss sjåast på messen i Førde i morgon!
(Fjellvegen 10, "Brunosten")

Ha ein fin helg!


onsdag 21. november 2012

Strikk til telys - Tid for messe

Då er fleire ting frå julemesseproduksjonen min klar.
I dag er det strikk til telysa som står på dagsorden.


Ikkje så mykje fokus på eigne julegåver enno, men når eg no er ferdig med messa 
på laurdag er eg klar for å fokusere på eigne gåver...


 
 Har samla på hermetikkboksar i det siste og vore så heldig og fått nokre òg.
Ein del av dei er blitt spraymåla og nokre står faktisk i garasjen til tørk i dag òg...


Strikka med perlestrikk og pynta med heimelaga hjerter og tau.


  Nokre av lysa har fått klede rett på kroppen



 Då håpar eg det blir respons på messa med mykje folk!
Eg gler meg i allefall!
*
Då skal eg sta og hente snuppa mi på skulen, det er tid for å reise ned på
sjukehuset for å få fjerna gipsen på armen!
Trur ho gler seg til dèt! :)
Ha ein fin dag!


torsdag 15. november 2012

Toffi-fee esker med julehilsen


 Om ei veke skal eg vere med på julemesse og produksjonen er i full gang!
Dei siste dagane har eg pynta Toffi-fee eskar til den store gullmedalje.
Eg var ikkje sikker på om eg rakk nokon messe i år, men det er vanskeleg å stå i mot :)
Men nokre av oss jobbar jo gjerne best under litt press så eg ser ikkje heilt mørkt på det ;)
Kjenner på meg at i år trengte eg presset for å komme i "papirmodus" i gjen, og bra var det, 
for når eg først kjem meg ut på papirrommet kosar eg meg skikkeleg, og så er det jo noko 
spesielt med julepapir då........

Her kjem eit bilderas frå ein del av samlinga


 Eg har ikkje teke bilete av baksida, der er det mogleg å skrive ei helsing...








For dei lokale som er interessert, er julemessa neste helg,
 24.november 
kl.11-15
på "Brunosten"
Fjellvegen 10, 1 etg.
FØRDE