lørdag 28. desember 2013

"Papirarbeid" på gåvene

 Til jul har eg òg gjeve vekk nokre spiselege og drikkandes julegåver.
Då er det kjekt å kunne pynte litt på det ein gjev vekk.
På vinflasker heng eg gjerne på ein liten helsing i form av eit "slips"
Her laga av papir, stempling, dymotekst mm

 Ei litt anna utgåve av heimesnekra kort, hengt på ein gåve, 
med plass for personleg helsing på baksida.
Hadde eit par slipsvariantar til som vart gjeve vekk, dei gløymde eg å ta bilete av...

 Julepynta boks med Ferrero Rocher. Blir litt meir stas når den er pynta litt.
Gitt bort som ei litt enklare julegåvehelsing, eller som i går når vi vart  bedt på 
middag til venner og eg kunne ta med ein slik til vertskapet.

Elles nyt vi jula i fulle drag, herleg med avslappandes dagar i ro med god stemning, litt spøt på pinnane, litt besøk her og der og mykje god mat...
*
(Vi er velsigna med eit supertreigt internett, så her strikkes det med pc'en på fanget, mens eg ventar på at bileta lastes opp....Neste år trur eg eit kjappare internett må stå øverst på lista til julenissen...
Det er ein tolmodigheitsprøve kvar gong det skal lastes bilete så strikking samstundes 
er nesten blitt eit must..)
*
GOD ROMJUL!


fredag 27. desember 2013

Sirkelsokker ✭

 I år har eg ikkje strikka så mange julegåver, men nokre få har det vorte.
Litt huer og så vart det til nokre små sirkelsokkar til ein liten kar.
Oppskrift er etter Jorunn; Heim og hjertero
Eg har brukt garn frå Nille, Alpakka (det blå var visst rest etter noko anna)
Mønsteret er ikkje vanskeleg i det heile, og det gir ein veldig fin effekt!



Ga også vekk nokre tovatøfler, har laga liknande før og dei finn du HER
Pynten er nålefilta på til slutt.
Strikka i Drops Nepal




fredag 20. desember 2013

Røde Kors fadder ❤

 
 Forrige                  helg var
 det artistgalla for       Røde Kors på Tv2
Vi bestemte oss for at det var tid for å bli fadder.
Har tenkt på det lenge, men det har liksom ikkje blitt.
Og så er det mange aktørar å velge mellom, og sikkert 
mange som er verdt å satse på, men valet falt på Røde
 Kors til slutt. Vi ringte inn til telefonpanelet og melde
 oss som fadder. No er brevet med bekreftinga
komen i posten og vi er glad for at vi 
kan vere med å hjelpe born i krise.
Som fadder får vi vere med 
å gjere ein skilnad
for born i
naud


"Hver dag - akkurat nå - får tusenvis av mennesker hjelp av Røde Kors. Dette får vi til takket være givere og medlemmer. Som støttespiller til Røde Kors gjør du en forskjell for sårbare og utsatte mennesker både i Norge og internasjonalt.

Det er flere måter å støtte arbeidet på - som medlem f.eks støtter du aktiviteter i ditt nærmiljø. Som fadder gir du litt hver måned til det internasjonale arbeidet for barn i nød, barn som Røde Kors hver dag hjelper. Uansett hvordan du velger å hjelpe, din gave er svært viktig slik at vi kan være til stede hver dag for dem som trenger det."



I lag med faddermedlemskapet og informasjonen vi fekk i posten fekk vi også eit 
lite raudt hjerte. Dette har vi hengt fram slik at vi kan sjå på det og tenke på dei som ikkje har det like godt som oss i jula, i ei tid der vi sjølv er mest oppteken av om vi har nok pinnekjøt, om raudkålen skal vere frå Nora eller ein annan produsent, eller om ungane blir fornøgd med gåvene...

Vi skal sjølvsagt nyte jula og kose oss, samstundes er vi takksame for at vi har moglegheit til å kunne bidra til å hjelpe andre born som ikkje er like heldige som oss.
*

Med ønsker om fine, fredfulle dager til alle og eit inderleg ønske om at fleire
melder seg som fadder eller på anna måte bidrar hos Røde Kors eller ein annan organisasjon.
Det er mange organisajonar som gjer ein kjempejobb, dei fortjener både oppmerksomhet og 
heder for jobben dei gjer ute i verden! 
 ❤




onsdag 18. desember 2013

Rullelue / Trendy lue / FWSS ❤

En skikkelig jenterosa hue er ferdig og skal bli julegåve.
Det er supert med rask gavestrikk no på slutten av tida som er igjen før jul.
Denne gjekk unna i ein fei og er også etter mønster frå Du Store Alpakka 

 Denne gong brukte eg Sandnes Alpakka og Plum frå Rauma, 
den vart herleg og passe tjukk, la opp 90m  istaden for 100m, både sidan det
vart tjukkare, men òg fordi den er til ei på 10 år.
Men det som ikkje var like greit var at det akkurat ikkje vart nok med eitt
nøste av Alpakkagarnet....så måtte avstad å få tak i eit nøste til, bytta der eg starta å felle...


Har òg strikka ein i grått, garn frå Sparkjøp, Adore trur eg det heitte...
Det garnet var litt loddent så eg brukte berre den tråden, den vart litt tynnare, men heilt grei.

I dag har eg fått pakka inn litt meir gåver, greit å få unna litt hemmelegheiter når ungane er ute av huset. Her eit lite knippe av ulike innpakkingar og heimelaga julelappar. 

Litt stemningsbilde frå heimen i dag...
 


søndag 15. desember 2013

Huer og førjulstrid...

 Ei hue av restegarn etter diverse andre neonhuer.
Den er strikka i No.1 garnet
Antall masker: 80
Pinne nr: 4mm
Mønster: "Fritt etter vaskeklut"  ツ
Dvs: 1. omgang rett, 2. omgang en rett og en vrang, gjenta disse to omg.
Den vart strikka litt sånn på måfå, men vart straks adoptert av snupp!

Denne er strikka etter vrimønsteret til Litlo & Kalen.
Den var på bestilling frå snupp, og skulle vere litt mindre baggy
slik at den ikkje skulle sige ned i ansiktet under leik og snøaktivitetar.
Har òg strikka inn ein rest refleksgarn i den.

 I dag har vi vore på juletrehenting i skogen heime hos mor.
Lua måtte vere med på jomfrutur, ikkje mogleg å gjøyme seg vekk i skogen med denne ツ

 Ei litt sjokkert snupp meiner at dette treet utgår! ツ
Trur hjorten har kosa seg med dette, og det skal dei få fortsette med!
 Her vert det søkt høgt og lågt etter jultre...
Det vart ein bra lang skogstur på oss og så endte vi opp med det treet vi først såg...
Typisk, men det vart i allefall ein fin liten trimtur. 
Heldige med veret var vi òg, opplett under heile turen.
Det er skikkeleg vått og blautt ute, og ikkje akkurat julestemning lenger, 
for berre ei veke sidan låg det 40 cm snø overalt...
MEN utruleg deilig å komme seg ut i frisk luft i skikkeleg dagslys, 
mens vaskebøtta og alt anna får vente.
Bilde av det rette treet vart det visst ikkje, men det blir sikkert med på bilde etterkvart ツ

Sheela var sjølvsagt med på henting av juletre, ho fekk verkeleg trimma seg i 
blaut skog og mark, og såg ut der etter.... litt skitten...
Det vart rett i bad når vi kom heim!

I veka har vi òg vore på juleavsluttning for elevane på skulen. Dei er som alltid fantastisk flinke, både elevane og lærarane som får til kjempeflotte opplegg år etter år!
I år var tema Putti Plutti Pott. Og dei berre imponerte atter ein gong!

Litt baking må til, og julebrød er blitt sjølvsagt etterkvart.
Oppskriften er etter oldefar som var bakar og det er litt ekstra stas!

 Julelappar har det vorte nokre av i år også. Eg har absolutt
senka krava litt til meg sjølv i år, men litt er det kjekt å lage, og 
så lenge eg lagar ting kun hvis eg likevel har tid og lyst så
er det berre kjekt. Det er utruleg stor forskjell på dèt og å lage 
ting fordi ein MÅ!


 Julekort av den enkle sorten...



torsdag 5. desember 2013

Rullelue ★

 Den populære rulleluen, som også er kjent under fleire andre navn, 
er testa på pinnene også her i huset.
Eg brukte dobbelt garn beståande av Drops Alpacca og Drops Kid Silk,
det vart nok med eit nøste av kvar.
Pinne nr.4
Oppskrift fann eg hos Du Store Alpakka, 
mønsteret kan lastast ned 
PDF her

Huen er ganske håplaus å ta bilde av uten å vere på eit hovud...
-ser ikkje så fin ut her, og eg er ingen fotomodell akkurat, 
men det får no gå...  ツ

Ha ein fin førjulstress tid!
 Her pyntar vêrgudene landskapet med nydeleg kvit snø!
Hurra!
❄❄❄❄❄❄❄❄❄

søndag 1. desember 2013

Lue med vri II

Då er eg klar for kulden med hue med vri til meg sjølv!
Denne er strikka i Drops Merino Ekstra fine.
Eg la opp 92 masker på pinne nr 4
Resten av mønsteret finn du om ønskeleg i forrige innlegg

Godt fonøgd med huen, den sitt godt på og her er det ikkje noko
som klør eller stikk i allefall! :)

 I dag har det vore tent adventslys i heimen,
og mange ungar har nok venta på første dagen i adventskalendaren...

Vi starta i fjor med ein ny vri på adventskalender, etter 
inspirasjon frå Skorpionens Hjørne.
I staden for 24 ting x 2 har vi gått over til at ungane har kvar sin
 papp-snope-kalendar til kvardags,
og så får dei heller ein liten pakke kvar på adventssøndagane.
Mykje mindre stress for mor,
færre unødvendige dill-dall pakkar,
økonomisk,
fornøgde ungar +førnøgd mor
= Lykke

Faktisk spurte 10-åringen vår om vi ikkje kunne gjere det 
sånn som i fjor med adventskalenderern,
-så då var det ikkje mykje å lure på!

Ønsker alle ein fin adventstid!