tirsdag 27. desember 2016

Heimelaga ✪ Julemesse

 I starten av desember var eg med på julemesse, som eg har skrive før.
Her er litt meir av det eg hadde laga og selde.

Det vart ein del kransar og pynt av det ein finn i naturen, med litt heimelaga stæsj på.



Til høgre eit lite tre laga av blåbærris

 


 Pynta svibler i diverse potter...

 Lagde nokre slike stjerner og hus. Nokre hus og stjerner har funne vegen inn i stova mi også til jul.



fredag 2. desember 2016

Papirarbeid......♥

 Det nermer seg julemesse på Holsen på søndag og her har det vore produsert litt forskjellig i det siste. Vi er to stykker som har bestemd oss for å kjøre på og lage god stemning med ein lokal julemesse, så får vi tru det dukkar opp nokre gjester... ツ

Her kjem litt av det som har vorte laga av papir.

 Pynta Toffifee-esker er ei grei gåve/helsing å gje vekk

 Vintags eller flaskekort om du vil, til å henge på flasker ein gjer vekk til jul.



 Fleire pynta Toffifee-esker