Viser innlegg med etiketten Hund. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hund. Vis alle innlegg

onsdag 19. november 2014

Fotodag

 I dag har eg hatt fri og god tid til å leike meg med kamera på tur.
God tid + kamera + dagslys + hund
=
L Y K K E



 Det vart rusletur i nærområdet i herleg haustvêr


  Dette bildet er verdt å granske litt...

Det er faktisk satt 
O P P - N E D
Speglinga i vatnet var så kul at eg snudde bildet opp/ned eterpå!



 Hunden var med og må pent vente litt mens mor fotograferer...



I dag vart bilda ganske så forskjellige utifrå kva himmelretning dei vart tatt i mot



fredag 12. september 2014

Fjelltur

 Blir ein del fjellbilde  her for tida, men det er berre så fantastisk ute, og må berre dele litt!
I dag vart det ettermiddagstur i nærområdet igjen. Vi er utruleg heldige så har all denne vakre naturen så nært! Turen gjekk til Sundsdalen / Kvanndalen og fjella der.

 Ein flott varde eg ikkje har namnet på, då eg ikkje er lokalkjend og heller ikkje finn namn på den på kartet. Men flott og firkanta var den, vi trudde først vi var komen på toppen og varden på Knausen, men fann ut på kartet at det ikkje var den,  og vi såg den òg eit godt stykke lenger inne, men det vart til at vi ikkje gjekk heilt fram, då tida begynte å bli knapp, og magen snart var klar for middag.....


 Vatnet her ligg på 694 moh

 Litt på kanten...

 Ganske så disig mot vest

 Ein fasinerande liten "varde" på vegen opp!
 Litt artig å sjå at den liknar litt forskjellig når ein ser den frå ulike vinklar

 Fann oss ein fin rasteplass på veg ned igjen

Heilefjellet med flotte Storehesten og Lisjehesten i framgrunnen.


mandag 21. april 2014

Turen går til Gulefjellet

 I dag vart det stølstur til Gulefjellet i Holsen. 
(Heldige er vi som kan nyte siste dagen i påska med fjellheimen rett ut forbi 
og slippe å sitte timesvis i bil-/fergekøer i finvêret)
Dette er òg ein støl eg ikkje har vore på før, ungane har vore der på skuletur og snekkermannen har gjort noko arbeid der, så no var det tid for å dra med meg opp også, 
dvs eg trur det var eg som var primus motor og dei som var vegvisarar.
Ein fin tur, på flott grusveg frå parkering ved hovudvegen og sti siste stykket. 
Gjorde unna nokre høgdemeter fort på så flott veg!
Når vi kom i høgda var det jammen råd å få kjenning med snø òg!

 Veldig flott plass, her skal eg òg garantert tilbake!
Skjønar godt dei som har hytter og støler her. 
Vegen over Gulefjellet skal visst vere ein gamal fedrifteveg mellom Fjordane og Sogn.
Gulefjellet er òg eit flott utgangspunkt for vidare turar til fjelltoppar her,
 eller over til Viksdalen eller til Nydalstølane.






















Sheela er med på tur!

I morgon er det tilbake til jobb, vi avsluttar ein fantastisk flott påske, må finvêret
vare leeeeenge!

onsdag 12. mars 2014

Ut på tur: Mostien

I dag er fridagen min, så då er det kjekt å komme seg ut å gå tur medan det er lyst, i tillegg var det eit flott vêr i dag, og vêrutsiktene framover ser ikkje så fine ut. Då vart det tur på meg og hunden. I dag fall valet på Mostien. Det er ein flott tursti i meir eller mindre flatt terreng i området rundt
 Sunnfjord Museum og Jordbrukskulen, ca 8 km nord for Førde sentrum. Parkering ved musèet. Lengda på heile stien er ca 3,5 km, og den er godt merka. Her kan ein ikkje gå feil, og om ein ikkje ønsker å gå heile er det mogleg å gå avstikkere som kortar turen. Undervegs er det òg laga til mange flotte informasjonstavler og anna" underhaldning"!

 På turen svingar ein innom Stølen. Her er gamle stølshus som er teken vare på. Her kan ein skrive seg inn i gjestebok for Stølen og Mostien.
I dag fekk eg endeleg cashet ein Geocash på Mostien som eg lenge har hatt planar om å få gjort òg!

 Skogbunn er berre såååå flott!!!

 I enden av Mostien ligg vakre Huldefossen, eit landemerke i Førde.

 Synast brua over til Moøyra er så flott, blir så stilig effekt på bilde.

 Huldefossen med litt fotokunsteffekt...

 Sheela venter mens matmor tar bilder...

 Tilbake på museumsområdet



Lang - lang rekke...


onsdag 19. februar 2014

Vinterferie ❅ ❅ ❅


Har hatt nokre fine fridagar i forbindelse med ungane sin vinterferie.
Har vore nokre dagar i Ålesund på tur til familie, men kom heim i går kveld så i dag har vi vore heime og nytt eit utuleg flott vêr.
Då var det berre å komme seg ut litt i mellom gullmedaljar...
I morgon er det jobb, då er det berre å henge i stroppen att!


 Vi har knapt sett eit snøfnugg i vinter, men til i går kom det eit lite dryss og laga ny vinterstemning.
Her er altså dagens bildefangst :)











For ein dag framfor tv-skjermen! 
Snakk om å reise kjerringa!
Men jammen var det vel verdt å komme seg ut i vårt vakre land òg i dag!


søndag 26. januar 2014

Fotoleik

 Har vore ut og leika meg litt med kamera i dag òg.
I dag heilt ned på bakkenivå...

 Foto under vann, men med kamera tørt!
 Vatnet har frose og så trekt seg vekk under isen, 
det gir ein stilig effekt når ein kjem seg heilt ned på bakken!
Då kan ein ta bilde over og under vann på ein gong utan å vere
 redd for vått kamera! 

Ser nesten ut som ringer i vann, i såfall frose vann!

 "Hundis" er med på tur, ho er like nysgjerrig som meg, vi stikk
nasa vår ned i alt begge to, så vi er gode kompisar på tur ツ



 "Selfie"

 Det er skikkeleg luftig her hos oss, så det gjeld å kle seg godt!
Vårleg, men med kraftig austavind så kjennes det mykje kaldare ut
enn kva temperaturmålaren seier. Den seier 0 grader, men vi måler 
vind mellom 10-19 m/s, då er det KALDT!


 Nokre plassar i skogen var det likevel råd å finne ly for vinden,
då er det nydeleg å vere ute. Fantastisk å kunne gå på bar, men frosen 
bakke. Då går det som ein leik å forsere myrane
 Ein stolt gammal furu med "beina" godt planta i bakken

 Konglane på edelgranen i hagen er skikkeleg flotte no!