Viser innlegg med etiketten Julelapper. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Julelapper. Vis alle innlegg

onsdag 16. desember 2015

Tovavotter og juleinnpakking...

Strikkepinnene går litt på "repeat" for tiden, så her kjem endå nokre fargevariantar 
av Marius-tovavotter...
Eg strikkar i  Fritidsgarn,  der er det mange fine fargar å velge mellom, 
så då er det moro å strikke litt ulike for å sjå korleis dei blir.
Blir ikkje så lett lei heller då, men kjenner at no skal eg straks gje meg,
berre litt til...
 Er nok fare for at det blir nokre under juleteet i år, og så blir 
eg no nøydd å ha eit par sjølv òg... så må holde ut litt til.... ;)

 Blir valgets kval å velge farge til meg sjølv no då, er jo så mange fine alternativ!!!

 Onsdag er fridagen min, så i dag medan eg hadde huset heilt for meg sjølv
 nytta eg sjansen til å pakke inn julegåver!
Trur eg brukte nesten 3 timar!
-Men koste meg eg, altså! 
Fann ut at det var så koseleg med pakkane at dei skal få stå litt framme til pynt og lage stemning!
Her er eit lite utval...
 Med heimelaga lappar og fine band og papir vert gåvene ekstra kjekke å gje vekk

Ha fine førjulsdagar!
Her går vi frå julekortstemning til vêrmelding som antyder 
oppmot 10 varmegrader og mykje regn....
-Ikkje bra...


tirsdag 8. desember 2015

Til / frå-lappar ❉ Julegåvelappar

 Stortsett dei fleste lappane på julegåvene frå oss i år vert heimelaga.
Har laga nokre no og då, og snart er eg vel i mål tenker eg.
Synast at det vert litt ekstra stas med pakkane og innpakkinga når lappane er 
litt forseggjort. Det er ikkje eit must, men eg likar no å pynte og lage, så 
brukar gjerne litt tid på litt personleg pynt...
 Litt variasjon i fargar og "teknikk" så går ein seg ikkje lei.
Berre kjekt å prøve ut litt forskellig.

 Fekk laga nokre i dag òg, er heime frå jobb, UTAN stemme (festlig!)
Hostar og harker og natta er eit sant mareritt, -endå eg ikkje søv...
Har fått meg ein skikkeleg forkjøling og er utan stemme på tredje dagen no
(mistenker at nokon nyter stillheten i heimen...)
Så eg slappar av og pusler med småtteri og håpar at eg snart er frisk og rask igjen! 

Dyremotiva som er brukt på lappane her er eigentleg små kort kjøpt på Søstrene Grene,
ellers er det stempel og embossing i kvit,
diverse ark, litt nytt og litt gammalt,
Dymo,
hyssing og sølvtråd



lørdag 28. desember 2013

"Papirarbeid" på gåvene

 Til jul har eg òg gjeve vekk nokre spiselege og drikkandes julegåver.
Då er det kjekt å kunne pynte litt på det ein gjev vekk.
På vinflasker heng eg gjerne på ein liten helsing i form av eit "slips"
Her laga av papir, stempling, dymotekst mm

 Ei litt anna utgåve av heimesnekra kort, hengt på ein gåve, 
med plass for personleg helsing på baksida.
Hadde eit par slipsvariantar til som vart gjeve vekk, dei gløymde eg å ta bilete av...

 Julepynta boks med Ferrero Rocher. Blir litt meir stas når den er pynta litt.
Gitt bort som ei litt enklare julegåvehelsing, eller som i går når vi vart  bedt på 
middag til venner og eg kunne ta med ein slik til vertskapet.

Elles nyt vi jula i fulle drag, herleg med avslappandes dagar i ro med god stemning, litt spøt på pinnane, litt besøk her og der og mykje god mat...
*
(Vi er velsigna med eit supertreigt internett, så her strikkes det med pc'en på fanget, mens eg ventar på at bileta lastes opp....Neste år trur eg eit kjappare internett må stå øverst på lista til julenissen...
Det er ein tolmodigheitsprøve kvar gong det skal lastes bilete så strikking samstundes 
er nesten blitt eit must..)
*
GOD ROMJUL!


onsdag 18. desember 2013

Rullelue / Trendy lue / FWSS ❤

En skikkelig jenterosa hue er ferdig og skal bli julegåve.
Det er supert med rask gavestrikk no på slutten av tida som er igjen før jul.
Denne gjekk unna i ein fei og er også etter mønster frå Du Store Alpakka 

 Denne gong brukte eg Sandnes Alpakka og Plum frå Rauma, 
den vart herleg og passe tjukk, la opp 90m  istaden for 100m, både sidan det
vart tjukkare, men òg fordi den er til ei på 10 år.
Men det som ikkje var like greit var at det akkurat ikkje vart nok med eitt
nøste av Alpakkagarnet....så måtte avstad å få tak i eit nøste til, bytta der eg starta å felle...


Har òg strikka ein i grått, garn frå Sparkjøp, Adore trur eg det heitte...
Det garnet var litt loddent så eg brukte berre den tråden, den vart litt tynnare, men heilt grei.

I dag har eg fått pakka inn litt meir gåver, greit å få unna litt hemmelegheiter når ungane er ute av huset. Her eit lite knippe av ulike innpakkingar og heimelaga julelappar. 

Litt stemningsbilde frå heimen i dag...
 


søndag 15. desember 2013

Huer og førjulstrid...

 Ei hue av restegarn etter diverse andre neonhuer.
Den er strikka i No.1 garnet
Antall masker: 80
Pinne nr: 4mm
Mønster: "Fritt etter vaskeklut"  ツ
Dvs: 1. omgang rett, 2. omgang en rett og en vrang, gjenta disse to omg.
Den vart strikka litt sånn på måfå, men vart straks adoptert av snupp!

Denne er strikka etter vrimønsteret til Litlo & Kalen.
Den var på bestilling frå snupp, og skulle vere litt mindre baggy
slik at den ikkje skulle sige ned i ansiktet under leik og snøaktivitetar.
Har òg strikka inn ein rest refleksgarn i den.

 I dag har vi vore på juletrehenting i skogen heime hos mor.
Lua måtte vere med på jomfrutur, ikkje mogleg å gjøyme seg vekk i skogen med denne ツ

 Ei litt sjokkert snupp meiner at dette treet utgår! ツ
Trur hjorten har kosa seg med dette, og det skal dei få fortsette med!
 Her vert det søkt høgt og lågt etter jultre...
Det vart ein bra lang skogstur på oss og så endte vi opp med det treet vi først såg...
Typisk, men det vart i allefall ein fin liten trimtur. 
Heldige med veret var vi òg, opplett under heile turen.
Det er skikkeleg vått og blautt ute, og ikkje akkurat julestemning lenger, 
for berre ei veke sidan låg det 40 cm snø overalt...
MEN utruleg deilig å komme seg ut i frisk luft i skikkeleg dagslys, 
mens vaskebøtta og alt anna får vente.
Bilde av det rette treet vart det visst ikkje, men det blir sikkert med på bilde etterkvart ツ

Sheela var sjølvsagt med på henting av juletre, ho fekk verkeleg trimma seg i 
blaut skog og mark, og såg ut der etter.... litt skitten...
Det vart rett i bad når vi kom heim!

I veka har vi òg vore på juleavsluttning for elevane på skulen. Dei er som alltid fantastisk flinke, både elevane og lærarane som får til kjempeflotte opplegg år etter år!
I år var tema Putti Plutti Pott. Og dei berre imponerte atter ein gong!

Litt baking må til, og julebrød er blitt sjølvsagt etterkvart.
Oppskriften er etter oldefar som var bakar og det er litt ekstra stas!

 Julelappar har det vorte nokre av i år også. Eg har absolutt
senka krava litt til meg sjølv i år, men litt er det kjekt å lage, og 
så lenge eg lagar ting kun hvis eg likevel har tid og lyst så
er det berre kjekt. Det er utruleg stor forskjell på dèt og å lage 
ting fordi ein MÅ!


 Julekort av den enkle sorten...



onsdag 26. desember 2012

GOD JUL

Med ønsker om ein fortsatt god jul og nokre få bilde frå litt julestæsj!
Kjem snart tilbake med bilde frå litt heimelaga som ikkje kunne 
publiserast før jul! :)
Derfor få innlegg før jul, kunne jo ikkje publisere så mykje då, og ikkje var det tid heller
 mellom strikkepinner og juleforberedelser....
Men altså; god romjul så lenge!

tirsdag 11. desember 2012

Desemberbloggsyndromet...

 Desember er verkeleg månaden for bloggtørke... Ikkje det at det ikkje blir produsert noko, men det er jo meir eller mindre håplaust å få tida til å strekke til!
I fleire dagar har eg hatt som mål å prøve å få til eit innlegg, og i kveld var det berre snakk om å prioritere hardt...
Eg hadde ein plan om at eg skulle vere komen så langt med juleførebuingane til no at det berre skulle vere å kruse inn i desember----HA-HA!!! SNAKK OM OPTIMIST!!!!
Øverst er raggsokkar som eg strikka til snuppa no i slutten av november. Ho proklamerte at ho ikkje hadde fleire tjukkelabbar som passa, og eg som strikkar til andre kan då ikkje ha ei dotter som er sokkelaus!!!! Det får då vere grenser, så då var det berre å hive seg rundt sjølv om andre juleproduksjonar stod i kø....
Med raggegarn og pinner 4,5 gjekk det heldigvis unna!

 Av og til må ein ta seg eit pust i bakken, og første helga i desember var vi så heldige å verte inviterte til "fjells" på heimelaga, steinovnsbakt pizza, dessert, og bading i stampen! Det var min dyktige kollega Mariann som stod for oppvartninga, og då er det berre å nyte, for ho er heilt rå på den slags!
Det vart ein nytelsens kveld, 14-15 minusgrader ute, men varme  både i stampen og hos vertskapet;
 så her blir vi teken godt vare på!

 Det er jo slett ikkje alt som kan bloggast om i desember heller, sjølv om ein hadde hatt tid...
 Men tek med nokre få "til-frå lappar". Har laga nokre stykker etterkvart, men dei fleste er laga litt enkle i år, dette er dei få eg faktisk har måla motiv på...

 På  søndag rakk eg å få laga meg dørkrans, mellom lefsebaking og anna.
Då var temperaturen litt meir human ute og det var berre å nytte seg av det å komme seg ut. 
Det er ikkje så festleg å stå ute i minus 12 grader å binde krans, så eg hadde nesten trudd at det ikkje blei naturkrans på døren i år, så det vart jo reine bonusen at eg fekk gjort det likevel!
Kransen er laga på eit halmhjarte, surra fast eine, tyttebærblad og lerkekonglar. Litt dårleg bilete, var finare i verkelegheiten!

Til sist har faktisk underteikna prioritert å strikke eit par halsar til seg sjølv!!!
Den blå var ein test med noko restegarn (Topp til tå og Drops kid silk) og det gjekk så bra at det var berre å lage ein til i samme slengen.
Den grå er strikka med Pumo Metallic frå Rauma (sølvtråd i, viser ikkje så godt på bilete) 
Begge i perlestrikk på pinnar nr.9. La opp 115 maskar og strikka rundt.
Kjempedeilige halsar i kulden! :)
I morgon er det fridag og det skal bakast noko meir. I tillegg håpar eg snart å vere ferdig med innpakking og julekort, og kanskje følgje opprinneleg plan om å SENKE skuldrane! :)
Ønsker ein fin førjulstid!

mandag 23. november 2009

Sukkersött, utfordring #62

Slenger meg med på en utfordring igjen, etter gammelt....
Satt og skulle lage noen til/fra lapper og fant ut at det var
ok å bruke denne greie skissen fra Sukkersött.
Mønsterpapir er fra Panduro, bilde er funnet på nettet,
så litt stæsj og juletekst-stempel.... Enkel og grei ;)

Ha en fin dag!
Klem, Anita ;)