søndag 28. desember 2014

♥ Tankestreg # III ♥



Her kommer den tredje fargevarianten av Tankestreg kjole eg har laga til julegåve, eller kanskje eg heller må begynne å kalle den "TANTEstreg" ?? 
 I allefall er det no tre tantebarn som har fått kjolen til jul av meg :)


 Mønster; Tankestreg frå Geilsk får du kjøpt HER
Eg har valgt å strikke i Tynn Alpakka frå Du Store Alpakka.
Pinner og garnmengde som i mønsteret, pinne 3,5

Og om du ikkje har tenkt tanken til no; SJEKK DEI HERLEGE FARGANE! :)
Utruleg kjekt å strikke i livlege fargar!

Her finn du dei to forrige utgåvene eg har strikka
♥   I   ♥
♥   II   ♥


lørdag 27. desember 2014

Guttevest: Paul by Drops Design

 Det har lagt nokre strikkeplagg frå meg under forskjellige juletre i år óg,
og no er det trygt å vise dei fram.
Så kjem til å komme nokre innlegg av det eg har kosa meg med i haust.
Denne vesten vart strikka til ein gut på 3 år etter denne oppskrifta frå 
Paul
Garn: Lima (Drops)
Pinnenr: 4
Farge: 8112 Isblå, 4 nøster
Str. 98/104
(Finnes i str 3-12 år)


























tirsdag 23. desember 2014

❤ Julekort ❤

 I år har eg ikkje laga noko særleg med julekort av den heimelaga typen, 
berre nokre få heilt på tampen.
Men det var skikkeleg kos når eg først sette meg ned, så skulle berre hatt meir tid....
(eller kanskje byrja før.... l e n g e  før....)

 ❤

 Dei to neste pynta eg berre litt utanpå konvoluttane, dei skulle ikkje sendast i posten så 
då gjekk det an,  var i grunn ein grei vri.
(ferdiglaga bildekort inni)

 ❤

 ❤



mandag 22. desember 2014

❄ J U L T R E S K O G E N ❄

 I helga var vi ut å fann oss juletre,
og for ein  L Y K K E  å kunne gå ut i eit slikt vinterland.....


 Meir idyllisk kan det ikkje bli!






 Ein G R Å dag kan vere heilt fantastisk fin!


P*Å       H*E*I*M*V*E*G

Årets juletre er sikra, no er det berre å vente på den store kvelden...

onsdag 3. desember 2014

Blånissehue

 Det går mykje i strikking hos meg for tida, jula nærmar seg og litt ymse må vere klart til dess.
Men så er det noko som må prioriterast litt innimellom :) Kan no ikkje vente til jul med blånissehue når det er no det er nissetid på fjernsynet! 
Så mellom andre prosjekt har eg strikka blånissehue i førjulsgåve.
Oppskrifta er frå eit eldre hefte eg har strikka i frå tidlegare.
Garn og mønster er fulgt til punkt og prikke!
(Blåfjellgarn)


Andre strikk må nok vente litt med publisering, må vere litt forsiktig no framover...
-Men kjem nok sterkt tilbake med diverse strikke-krumspring etter jul!