Viser innlegg med etiketten Lommetøfler. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lommetøfler. Vis alle innlegg

søndag 8. januar 2017

Heimestrikka under juletreet ✩ Stjernenattgenser

 Denne jula var det faktisk veldig få strikkaplagg frå meg under juletreet, 
men nokre få vart det på tampen...
Disse gensarane var til to tantebarn på 5 og 9 år


✩ STJERNENATTGENSER ✩

Mønster frå  Marianne J Bjerkman aka @knitsandpieces

Eg har strikka i Lima frå Drops
Pinne nr. 3,5/4
Str. 10 år brukte eg litt over 6 nøster rød og litt over 1 nøste kvit 
(strikka litt lenger lengde enn oppskrift)

Str. 6 år brukte eg litt over 5 nøster blå og nesten 1 kvitt nøste

 ✩ ✩ ✩
 Eit par lommetøfler av restane frå det raude garnet frå stjernenattgensaren vart 
også til oppunder jul og lagt i ei julegåve.
Mønster har eg skrive om HER tidlegare
Eit nøste Lima var nok og litt restegarn frå noko anna til hekleblomst.

Ei kjekk jente fekk dette settet  ♥

Staffvotter og hals i Puno
 Meir om framgangsmåte i tidlegare innlegg HER


2016 var ikkje eit toppår på strikkesida for meg, men eg har kost meg med kvart 
einaste prosjekt, og reknar ikkje på kvantitet ;)  
Litt har det no vorte, meir enn eg trudde, når eg tok ein lita vareopptelling, 
her med bilde frå instagram.



onsdag 29. januar 2014

Lommetøfler

I helga var det lommetøfler som igjen stod for tur.
Måtte ha noko fort og enkelt før eg fekk tak i nytt garn til eit anna prosjekt, så då 
var det passeleg å finne fram ein bunt med Drops Lima garn, akkurat nok til eit par lommetøfler.
Er så fornøgd kvar gong eg kan legge til noko i gåvekorgen ♥ ツ


Det florerer mange oppskrifter på nett, dei fleste nokså like. Kor eg har funne oppskrift veit eg ikkje lenger, og trur eg har sett litt her og der. Opphavskvinne er vel vanskeleg å 
finne ut av så eg poster berre oppskrifta slik eg gjer det:

Lommetøfler

Garn: Lima, Drops
Pinnenr. 4
Legg opp 6 masker
Strikk frem og tilbake, 2 riller
Fortsett med riller, men øk 1 maske innenfor første maske i 
begynnelsen av kvar pinne til du har 22 masker
Doble så maskeantallet ved å øke 1 m i kvar maske = 44 m
Strikk 14-15 cm vrangbord (2 r 2 vr)
Strikk så sammen to og to masker slik at du halverer maskeantall til 22 igjen.
Begynn på rillene igjen og fell 1 m på begynnelsen av kvar pinne (to sammen) 
til du igjen har 6 m på pinnen.
Strikk 7-8 riller, tilpasse lengde over foten, fell av.
Sy sammen den smale remsen med der arbeidet starta.
Brett arbeidet og sy saman ved hel og tå.
Ser no ut som ei lita veske, men blir som ballerinatøffel når den kjem på foten!
Pynt med knappar, sløyfe eller som her med ein hekla blomst ✿
Slik eg gjer det med strikket over foten kjem skøyten på sida, det er gjort slik med tanke på at eg vil ha blomsten på sida i staden for oppå.
Eg klarar å få akkurat nok garn til eit par på eitt nøste, men det er litt nervepirrande på slutten kvar gong om det går! Har gått bra til no ツ
Eg nyttar denne forklaringa her når eg heklar blomsten:
(Eg har brukt tynnare restegarn til heklinga)






torsdag 2. januar 2014

Årskavalkade - handlaga 2013


I dag har det vore den store varetellingsdagen rundt om, så eg tenkte sjølv å ta ein
liten "varetelling" på heimelagafronten, og jammen har det no vorte laga litt i år òg,
sjølv om eg synast at eg har no trappa ned litt i 2013...



..og fleire huer...litt for ein kvar smak...

Litt nye sokker vart det, og ein reperasjon av sokker, med nystrikka fot
 på "gammel" legg (under til venstre)




Fornya eigen garderobe med tre par ankelsokkar til meg sjølv.

Lommetøfler



Monsterbukse og sydd kjole

Skappelgenser

"Rumpevarmerbukse" voksen.

Genser til 2-åring

Tovatøfler


Litt heimesydd, men berre litt i år...
Pute og løper,
og strikkepinneetuier

...endå eit strikkepinneetui, oppdaga at dette ikkje har vore blogga før faktisk...
Mulig noko meir har snike seg unna, men trur dette er "varelageret"
(dvs det er ikkje mykje av dette som er att her i huset ;)
*
Oppsummert:
11 huer
1 panneband
8 par sokker
5 par lommetøfler
1 bukse
1 kortebukse
2 gensere
5 par tova tøfler
5 strikkepinneetui
1 løper
1 putetrekk

...må innrømme at eg ved årsoppgjør også har eit par ufoar liggande, 
faktisk ikkje heilt likt meg, men eg har tenkt å ta meg på tak å gjere dei ferdig altså!

mandag 30. september 2013

Lommetøfler

 Har laget noen lommetøfler som også har blitt til bursdagspresanger...

 De er strikket av Dropsgarnet Lima
Pinner: 4mm
Mønster: HER
Hekleblomst av et litt tynnere garn (mønster her)

 De er veldig kjappe og greie å strikke, men blir aldri helt fornøyd med 
sammensyingen....sukk...
På det ene paret prøvde eg å ta en tråd og hekle sammen, og det ble faktisk vel så bra...
Men kunne tenkt meg en enkel måte å montere på som automatisk ble fin! :)
Gode tips tas i mot med takk!
(Har forsøkt den andre varianten også der man strikker rundt og skal
strikke sammen under foten til slutt, det ble enda verre, vanskelig med sammenstrikking....følte eg brukte lenger tid på sammenstrikking enn å strikke hele tøffelen, skjønner?)