søndag 20. november 2016

❄ Stølstur ❄

 -Jølster-

I dag vart det endeleg tid til å komme seg ut i naturen ein tur.
Vi fann ut at vi skulle gå slik at vi kunne få vere litt i sola, og bestemde oss for 
ein støl i nærleiken som vi ikkje hadde vore på før; Østenstadstøylen i Jølster.
Vi såg på kartet og rekna med det skulle vere grei skuring å finne den, men det skulle vise seg å vere enklare sagt enn gjort... Vi starta på traktorveg, og det burde vere kurant, 
likevel var vi to ganger på veg i feil retning...
Slik er det når det går traktorvegar i alle retningar....men begge gangane skjønte vi 
det heldiggvis kjapt at det måtte vere feil og fekk retta opp.
 
 Verre vart når vi tredje gongen var heilt sikre på at vi tok av rett og følgde også ein stund nokon andre sine spor... Men vi havna i djup snø oppi bratt ur ved hogstfelt og kava oss fram, men ved hjelp av staheit, kart på telefon og magefølelsen gav vi ikkje opp og til slutt fann vi endeleg støylen! 
Ikkje så lett å finne sti under djup snø på ukjent grunn! 
Det som skulle vere ein lett stølstur vart til 6,5 km, og mykje av turen brøyta vi oss fram i snø...
Fekk no trimma oss i allefall!

 -Endeleg framme, dokumentering må til...

 Gjorde godt å sette seg ved stølsveggen og nyte ein varm kaffikopp!
 
PS! 
På veg ned igjen klarte vi det kunststykke å dra på oss ein halv kilometer ekstra, 
etter at vi bomma på eit vegskille på traktorvegen igjen! Er det mulig?? 
Det skal i allefall investeres i GPS...
(...hatt planer om det lenge...no er det på tide til vinteren!)



lørdag 19. november 2016

Baggylue ✪ voksen

Ei Baggylue fra Klompelompe har kome av pinnane.
Ikkje heilt fornøgd....desverre...
Synast den vart litt vel lang, endå  eg lagde kvar "rapport" ein omg mindre
enn det stod i mønsteret. Såg det altså an til at den kom til å bli i lengste laget...
Så det blir tvilsomt at eg kjem til ha den sjølv, sjølv om det var meininga i
utgangspunktet....får sjå om det er nokon andre som er meir begeistra enn eg...

Strikka i Sterk, pinne 3,5 og 4
litt meir enn 1 nøste
Mønster: Baggylue frå Klompelompe


onsdag 16. november 2016

✰ Kort ✰

 Har ikkje blitt laga så veldig mykje kort i år, men prøver no å halde 
nokolunde tritt med bursdagane i familien
Her er nokre få som ikkje har vore med her før.
Øverste er laga av ein eske som ein bretter til sjølv, kjøpt hos Søstrene Grene,
heilt grei å putte pengar inni...

 Dei to neste er korta til mine to håpefulle som hadde bursdag tidlegare i år.


****
 
 -Nordalen-
Eit bilde frå tur i nærområdet mitt under snøsmeltinga i vår



fredag 11. november 2016

Mariusgenser

 I haust var det rund dag på ei av mine søstre, så då bestemde eg meg for å 
"slå litt på stortromma" og lage strikkegenser i 30-års gåve.
Valet fall på Mariusgenseren med rund sal.
Litt utruleg å tenke på at i mai/juni i fjor var første gong eg strikka
Mariusgenser, og no litt over eit år seinare har eg faktisk 
strikka heile fem stykker!
Denne er også strikka med Sterk-garnet frå DSA
(unnateke det lyseblå øverst som er strikka i Sandnes Alpakka, 
då Sterk ikkje har noko tilsvarande i farge...)
Pinnenr. 3,5 
(mønster i pinnenr. 4)

 Eit glimt frå kortet som følgde med


Stemningsbilde frå ein tidleg morgon i september



tirsdag 8. november 2016

✼ Strikka skjørt ✼


Strikkaskjørt frå Sandneshefte, Barn 1502
Strikka i Drops Merino Extra Fine
Pinnenr 4

To av mine tantebarn har fått dette skjørtet i år



-Vestlandskjørt-

Vestlandskjørt frå Klompelompeboka 2
Strikka i Drops Merino Exstra Fine
Tantestrikk til ei litt større jente på 12 år


 
-Avsluttar med eit fjellbilde frå ein klår og fin dag litt tidlegare i haust-


mandag 7. november 2016

Long time -no see! ツ

Blir heilt himmelfallen når eg ser at eg ikkje har blogga på nesten eit år...!
Kjenner at eg har sakna det til ein viss grad, men samtidig har eg kjent på at det tok litt mykje tid å lage til innlegga, tid eg ynskte å bruke på andre ting...
Men, eg ser at det er utruleg kjekt å ha bloggen som eit slags album som det er kjekt å sjå innom for å sjå tilbake på kva eg har laga og ikkje minst som eit lite oppslagsverk når eg lurer på kva gjodre eg den gang då!
Og så har det vorte lettare å berre bruke Insagram då det er mykje kjappare og bruke bilder kjapt på telefonen, men det vert jo mykje knappare og mindre detaljert, spesielt når det gjeld handarbeid.

Eg er spent på om eg klarar å ta opp att tråden, men eg er instillt på å prøve litt, så får det heller bli litt i rykk og napp, alt etter kva tid som strekk til ツ
-Og så må eg jo berre sei at det er no litt kjekt når eg høyrer at folk har sakna innlegg frå meg! Tusen takk for slik "tillit" ❤

 Det har vore eit litt stille handarbeidsår, men litt har det no vorte.
Det har vore året for mange fine turer med fine motiv frå vårt vakre Vestland, som eg sjølvsagt burde hatt med litt av, men får gå for litt handarbeid no.
Eg får legge ut litt etterkvart av det, her kjem første runde ツ
*
Eg var ikkje sein å be når eldstemann proklamerte at han godt kunne hatt ein strikkegenser!
(Trudde aldri at det skulle skje!)

Det vart Mariusgenser i dei tradisjonelle fargane.
Strikka i Sterk frå Du Store Alpakka
(fortsatt yndlingsgarn ツ)
Herrestørrelse S
Brukte 8-9 nøster blå
litt meir enn 1 kvitt nøste
og litt raudt
Pinne 3,5 

 I vinter var det tid for egostrikk i form av ein Fanakofte til meg sjølv.
Har lenge hatt lyst på den. Skulle eigentleg strikke den i grå og kvit, 
men då grått var utseld i lange tider, valde eg å gå utanfor "safe-sone"
og er i grunn godt fornøgd med den, med fare for at eg kanskje må ha 
ein grå òg seinare ein gong...  ツ
*
Strikka i Sterk denne også.
Pinne 3,5
9 nøster (5 rosa og 4 kvit)


Tar med litt småstrikk frå våren...
"Allersmössan" til meg sjølv, strikka i Sterk!

 Var også innom nokre "Tora-pannebånd" frå Klompelompe.
Strikka i Drops Merino Extra Fine


Lite glimt frå ein flott stølstur i går i nydeleg klårt haustvêr