søndag 10. november 2013

Kort til 50-åring!

 I går var vi invitert i lystig lag til ein femtiårsjubilant!
Kortet vart eit skikkelig stjernedryss...

Det var ein skikkeleg trivelig feiring der gjestane var bedt med hatt og bart

-det kan fort ende opp slik.....

Min bedre(?) halvdel og eg...
Litt moro må ein ha...  ツ



lørdag 2. november 2013

★Genser og kort til 2-åring ★

 Genser til 2-åring, strikket i Drops Nepal.
Inspirasjon fann eg hos  Hespetre
Mønster er frå Sandnes Mix 0802 barn, det er eit utgått hefte så 
mønsteret ligg gratis tilgjengelig på nett HER, og lastes ned som PDF
I heftet er den laga i mørkeblått (mønster nr.9) og er ganske anonym 
(les: kjedeleg, der flettemønsteret ikkje viser ...)

 Originalt garn er Alfa, men eg valde å bruke Drops Nepal på pinnenr 5,5
Då måtte eg opp 2 størrelser for å få rett vidde, lengde som oppgitt i mønster til 2 år. 
Halsen har eg laga i rillestrikk i staden for rett/vrang
Enkel og god guttegenser til vinteren...
-Og eit raskt prosjekt å ha på pinnene!

 Kort laga i full fart i dag tidleg...

 Heldigvis hadde eg malt motivet tidlegare ツ

 


torsdag 31. oktober 2013

Halloween ☠

 ☠
 Då er feiringa i full sving!
Her i huset er det laga til ein liten venne-halloween-fest.
Utkledning, gå ein runde i nabolaget og så inn å kose seg med godteri,
 pizza, muffens og spel!



 -og mor har førsøkt seg på "skummel" baking!
Ikkje det mest vellykka eg har vore borti, men...
Muffensene vart omtrent 1cm(!) høge når dei var ferdig,
men var visst godkjende på smak....

Desse her hadde eg det meir moro med! ;)
Lagde dei i går, og ingen visste om dei, så i dag fekk ungane kvar si 
i matboksen og mor koste seg stort! hi-hi...
 (på jobb fall dei òg i smak! )
Fingerkjeks i ordets rette forstand!
Mandelen som negl løsna når dei kjølna, så løsningen vart å feste med 
bringebærsyltetøy! 
Eg hadde ikkje tatt med i beregningen at dei estse slik ut, dei var tynnare 
heksefingrer før dei vart steikt, men kanskje ikkje mindre ekle etterpå...
Oppskriften fann eg etter googling på nett.
Ha ein SKREMMANDES aften!

søndag 20. oktober 2013

Bryllup ❤

 Forrige helg var det bryllup for den kjære lillesøsteren min,
og eg fekk oppdraget med dekking og pynting, brudebukett mm
Moro, men litt av eit ansvar! Eg fekk frie tøyler og følte meg nokså trygg på 
at vi ikkje skulle komme på kanten her ツ ♥
Vi kjenner vel kvarandre nok til at både ho turde å spørre og 
til at eg turde seie ja!
 Brudebuketten

 Brudgommens blomst






På midten av borda ble det lagt krøllet celofanplast med maaaange telys i glass,
det ble veldig fin effekt med mykje skin av levande lys, 
når mørket fall på var det utruleg stemningsfullt.




 Det var oppfordra frå dei to andre søstrene mine at vi skulle lage ein togvogn kvar til ein kake.
Mitt bidrag var denne marsipankaken med storken som kjem med 13 babyar!
(sidan ho var lita har ho alltid snakka om at ho ville ha maaange ungar, helst 13!!! Så difor!)



 Kortet til brudeparet
















fredag 11. oktober 2013

Kort til en 6-åring

 Denne gang er det tid for Tilda, Magnolia-kort igjen.
Kjøpte meg dette stempelet når eg var innom Magnolia i Sverige,
så har gått å gleda meg til å bruke det :)

 Magnolia hadde òg stabel med puter som tilda kunne sitte på,
men eg kjøpte ikkje det stempelet, så eg måtte vere litt kreativ,
det enda med at eg tegna dei sjølv...

 Det fine hjertet som er utstansa er òg frå Magnolia
Eg har som vanleg malt med Distress.
Har blitt lite med malte motiv i det siste, men er 
utruleg kjekt når eg set meg ned og maler.



torsdag 10. oktober 2013

Haust og tid for strikkehue med refleks

Strikket hue med refleksgarn er ganske lurt!
Min svoger kom med eit lite hint i vår etter å ha sett min grå/rosa/lilla hue med refleks;
"Finnes det svart refleksgarn?"
(>‿◠)✌
Så då var det enkelt å vete kva han skulle få til bursdagen sin i haust!
Huen er strikket i Drops Merino Ekstra fine,
2 rette og 2 vrange heile vegen opp.
Brukte èin pakke med refleksgarn av den breiaste sorten.

Så litt haustbilete...














onsdag 9. oktober 2013

I rekken av kort...

...kommer eit par som er gitt bort til herremenn.
 
 Litt meir om strikkegåva som følgde med dette kortet får eg sjå om eg rekk i morgon!


Ha ein fin kveld!
-Anitaklem-