lørdag 2. mai 2020

Ny fotoblogg!


Hei! 
På denne bloggen har eg ikkje hatt noko aktivitet på leeenge, då det meste blir lagt ut på instagram, men eg har akkurat oppretta meg ein annan blogg der eg kjem til å legge ut diverse fotografier.
Fotografering er ein stor lidenskap, så tenkte eg ville ha ein rein fotoblogg å samle bilda, 
i tillegg til Insagramkontoen min ( https://www.instagram.com/anitabjdal/?hl=nb )

Så om du fortsatt er interessert i å følge med på litt av det eg styrer med så finn du det her!

Link til ny fotoblogg:

fredag 31. mars 2017

Lille Dahlia - Kjærlighet på pinner ❤️

 -Lille Dahliatopp-

Kjekt å strikke nokre småplagg inn i mellom...
Synast disse frå boka "Kjærlighet på pinner" berre  var så nydelige, så måtte bare teste ut :)
Toppen er strikka i Sandnes; Alpakka silke.
Pinnenr. 2,5 og 3
Str. 2 år
(mjukt og godt garn, men for min del, synast eg det vanskeleg å få jamnt)

 -Lille Dahliaromper-
Strikka i Adore alpakka 
 Str. 0-3 mnd 
 Pinnenr. 2,5 og 3




Boka "Kjærlighet på pinner" kan anbefalast, 
mange fine mønstre og ein flott bok!



søndag 26. mars 2017

Gretegenser

 Litt siden denne var ferdig, men det går litt treigt og i rykk og napp med å dele... ;)
Gretegenseren var ein "berre MÅ ha den" sak frå første augekast, og ikkje minst:
"MÅ HA DEN TIL MEG SJØLV!"
Synes fargane var heilt herlege, grått, kvitt og blått er jo heilt meg, men den oransje hadde eg nok ikkje kome på sjølv og ei heller turt om eg ikkje hadde sett den først i mønsteret og den flotte strikkeboka
#BYSTRIKK
Eg er superfornøgd med fargane og genseren!

 Garnforslag i boka er STERK, FAVORITTGARNET mitt!!! 
Elsker det garnet og anbefaler det til alt og alle så ofte eg har sjansen ;)
Pinnenr: 3,5
Garn: Sterk
Eg brukte 8 nøster grå, 2 kvit (litt meir enn 1 nøste), 1 blå og 1 oransje
 Eg har tillate meg eit kreativt sidesprang i frå mønsteret med å lage perlestrikk i staden for vanleg ribb og eg har laga litt innsving på bolen (etter mariusgenser-mønsteret)
Pinne forslag er 3,5 og eg heldt meg til det, sjølv om det i boka stod at strikkefasthet då skulle vere
 25m pr 10 cm, eg strikker med fasthet som oppgitt på garnet (22m) og måtte derfor gå litt ned i størrelse, så eg strikka i str S til meg (etter mål oppgitt i cm skulle eg hatt M/L) litt dumt at det då blir vanskeleg å strikke den etter mønster om eg då ville ha strikka i det som til vanleg er oppgitt av antall masker i feks S ( ein S-str ville blitt altfor stor for ein vanleg S med 22 m pr 10cm garn) Dette vart litt vanskeleg å forklare merkar eg....
Men altså; til vanleg ville eg (og dette er og det som er oppgitt i fht Sterk) strikka genser med å legge opp ca.220-230 masker til genser i str M, men her var det oppgitt 248 masker i str M...
Så ver obs på strikkefasthet! 
(å gå ned til tynnare pinner ser eg på som tøvete når eg eigentleg strikker etter "normalen" på Sterk-garnet) ;)

Anbefaler #BYSTRIKK på det varmaste, fine oppskriftar og flotte bilde, 
ein kjekk bok å kose seg med!
Kosar meg også med boka "Kjærlighet på pinner" for tida :)
Strikk derfrå kjem snart ;) ;)


tirsdag 31. januar 2017

Søndagstur til fjells

 På søndag hadde vi oss ein fantastisk fin tur til fjells, på barmark!
Heilt utruleg at ein kan gå så høgt sist i januar utan at det er snø. Ein og anna flekk, 
men langt unna det det burde vore no her i høgda...


 Heimbygda mi i sikte

 Heilefjellet og Storehesten har fått behalde litt snø...

Godt selskap og godt humør!


Løvspretthals II

✿   Egostrikk  ✿
Måtte berre ha meg ein løvspretthals til i Pus....
Så fantastisk deilig!!!
*
Ellers etter oppskrift som i forrige innlegg


onsdag 25. januar 2017

❧ Løvspretthals ❧

Løvspretthals strikka i Pus frå DSA
Eit heilt fantastisk mjukt og godt garn, absolutt ikkje noko tilfeldig over det navnet, nei...

Pinne nr: 5
Garn: Pus
Oppskrift frå Strikkelisa

La min elsk på halsen frå første stund!
Så no har eg ein ny "egohals" på pinnene i grønn... ❤


Har også laga eit gi-bort-sett i mellomtida:

 Samme oppskrift, tynnare garn: Sterk frå DSA
Og ei Henryhue frå Klompelompe
Pinnenr: 3,5


tirsdag 17. januar 2017

Mariusgenser til mannen ♥

 Så var det altså min kjære sin tur til å få seg eit strikkeplagg!

Han har skrekkallergi mot alt som kan antydast å klø når det gjeld strikkaplagg...
Så gleda var i grunnen stor då eg fekk han til å skjønne at i dag finnast det garn som ikkje klør!
(Han har ein mariushue i Sterk frå før, som ikkje klør, men det trur eg han  har gløymt...)
Eg har ein stund prøvd å få han til å skjønne at det er ingenting som er som ull og
 dei kvalitetane ull kan skilte med i bruk...
 
"- ok, sikkert mulig det, men det kløøør....!"

Vel, då var det berre å få på han ein ferdig strikka genser i Sterk garn!
Og, jupp! Han vart sjølvsagt overbevist! 
HA!
Han vart faktisk veldig overbevist og ville ha strikkegensar snarast!
Berre å få sving på strikkepinnane med andre ord (>‿◠)✌

 No er gensaren ferdig og mannen er svært fornøgd! Hurra!
-og det er eg òg! 😉
Gensaren vart fin og passa perfekt, godt å få ferdig eit så stort plagg!

(Litt morsomt, når bilde skulle takast vart gensaren vrengt på, rett på naken hud, og testen vart bestått! Han påstår at heile kroppen strittar før den kjem på, rett og slett av gammel og dårlig erfaring med strikkeplagg (!) Men her er det ingen kløing og gubben er fornøgd!)
 
 Mønster: 
 Marius-genser, rundsalet herre str. S
Garn: 
Sterk frå Du Store Alpakka
Pinner: 
3 og 3,5
Forbruk garn: 
8 nøster mellomgrå
  1 nøste kvit
 1 nøste koksgrå (bruker berre litt)


Eit par bilder frå den fantastiske helga vi hadde!
Her frå skitur i Gjesdalsdalen på Jølster på søndag.
Vi var heldige og fekk med oss nokre etterlengta solstråler, lykke!

 
Synd det flotte vintervêret ikkje skulle vare særleg lenge.
(Godt ein kan lagre litt minner på disk... 😉✌)




søndag 8. januar 2017

Heimestrikka under juletreet ✩ Stjernenattgenser

 Denne jula var det faktisk veldig få strikkaplagg frå meg under juletreet, 
men nokre få vart det på tampen...
Disse gensarane var til to tantebarn på 5 og 9 år


✩ STJERNENATTGENSER ✩

Mønster frå  Marianne J Bjerkman aka @knitsandpieces

Eg har strikka i Lima frå Drops
Pinne nr. 3,5/4
Str. 10 år brukte eg litt over 6 nøster rød og litt over 1 nøste kvit 
(strikka litt lenger lengde enn oppskrift)

Str. 6 år brukte eg litt over 5 nøster blå og nesten 1 kvitt nøste

 ✩ ✩ ✩
 Eit par lommetøfler av restane frå det raude garnet frå stjernenattgensaren vart 
også til oppunder jul og lagt i ei julegåve.
Mønster har eg skrive om HER tidlegare
Eit nøste Lima var nok og litt restegarn frå noko anna til hekleblomst.

Ei kjekk jente fekk dette settet  ♥

Staffvotter og hals i Puno
 Meir om framgangsmåte i tidlegare innlegg HER


2016 var ikkje eit toppår på strikkesida for meg, men eg har kost meg med kvart 
einaste prosjekt, og reknar ikkje på kvantitet ;)  
Litt har det no vorte, meir enn eg trudde, når eg tok ein lita vareopptelling, 
her med bilde frå instagram.



tirsdag 27. desember 2016

Heimelaga ✪ Julemesse

 I starten av desember var eg med på julemesse, som eg har skrive før.
Her er litt meir av det eg hadde laga og selde.

Det vart ein del kransar og pynt av det ein finn i naturen, med litt heimelaga stæsj på.



Til høgre eit lite tre laga av blåbærris

 


 Pynta svibler i diverse potter...

 Lagde nokre slike stjerner og hus. Nokre hus og stjerner har funne vegen inn i stova mi også til jul.