onsdag 24. september 2014

Haustgåver til bursdagsbarn ♥

 To kjekke jenter har bursdag i disse dager og tante har lage "haustpakker",
beståande av hue, tøfler og sitteunderlag.

Det var ikkje enkelt å finne fargar som passa til alle tre delane her, fekk dei ikkje like når ein brukar ulik garnkvalitet, men pytt det fekk bli slik. Det mørkaste rosa settet gjekk veldig mykje betre...

 Huene er eit mønster som heiter "Café au lait Tam", ligg gratis på Ravelry (engelsk).
 Inspirasjon til å lage dei fann eg hos Christina's Handmade

Eg har brukt Merinoull frå Sandnes Garn, ca 1 1/2 nøste. Følgde oppskrifta på masketall og 
pinnestr. 3 og 3,5 men laga dei lengre enn det som stod, garnet er nok litt tynnare enn i oppskrifta,
 for det måtte vere såpass for å passe til 7-10 år.

 Tova tøfler etter ei oppskrift som har stått i eit eldre hefte frå Sandnes. 
Her har eg brukt Nepal garn frå Drops.

 Sitteunderlaga er etter ein grei oppskrift som lever sitt eige liv på nett, men som eg har lånt frå
 Eli Kristin: Skorpionens hjørne (som igjen fann den på nett ein annan plass.... :)

Eg tover på 50 grader i mi maskin, men det er visst store forskjeller på maskinene, 
så her er det lurt å kjenne maskina si litt trur eg!
Eg har nålefilta bokstavane etter toving.

  Har det veldig travelt for tida, strikkar på akkord og har litt for mange jern i elden, 
då blei korta av den enkle sorten denne gang! 



1 kommentar:

  1. For noen flotte gaver. Jentene må jo ha blitt så fornøyde. Kjempeflink er du 😊

    Klem fra Marianne

    SvarSlett