onsdag 4. februar 2015

Fritt etter Fana






















E N D E L I G !

Då er endelig boleroen "Fritt etter Fana" ferdig. Eg starta på den for 1 1/2 år sidan....
Den vart så ein ufo før eg tok den fram att etter jul og gjorde den ferdig.
I dag vart det derfor fotorunde på meg og kamera.
H U R R A
for fjernkontrollen eg fekk til jul til min Nikon D90.
No slepp eg mase på andre eller styre med sjølvutløyser og springe på plass!
(Greit med bilde av plagget på, og ikkje berre på golvet...)

Er i grunnen godt fornøgd med boleroen, kjempedeilig og varm. Kunne kanskje tenkt meg den nokre få centimeter lengre (spesielt framme....) 
Og blir vel aldri heilt fornøgd der eg plukker opp masker, men påsying av armane gjekk i grunnen betre enn frykta.
Eg var i utgangspunktet tenkt å brodere på den slik den er originalt, men etter rikeleg med monteringsarbeid, var eg i grunnen meir enn fornøgd, og fann ut at den blir heilt fin uten.....


Så kom sola fram og eg måtte nesten ta nokre bilde til....
Ikkje så enkelt å få fram fargane skikkelig med nokon av lysforholda eg hadde i dag, men pytt!



Mønster er frå denne boka til Sidsel j Høyvik: "Lekre masker og lekne sting"
(Mønster har óg stått i Familien og gjekk også, i allfall tidlegare, å bestille 
hos Sidsel j Høyvik på nett, sjå nettside)
Eg har brukt garn frå Sandnes: Alpakka. Lys blå og offwhite.
 Pinnenr.3,5
Str. L
(Elskar det garnet, mykt og deilig, men ikkje så lett å strikke heilt jamnt med)




Med ønsker om fine vinterdager, som her hos oss i dag!

3 kommentarer:

  1. Så fin den ble!! Også passet den helt perfekt på :)

    SvarSlett
  2. Så fin bolero du har strikket! Skjønner godt at det var mye jobb med denne altså.
    Og for noen flotte bilder! Ser ut som du bor på en veldig fin plass:)

    SvarSlett
  3. Var hittade du mönstret till den fin fina tröjan? Den är helt ljuvlig!
    Kraam
    Sanne

    SvarSlett