Har strikka på ein genser til hunden i det siste, i dag var den ferdig
og det var tid for prøving...
Ho er ikkje spesielt begeistra for ting som skal over hovudet, men det gjekk
ganske fint i dag, likevel såg ho rimeleg "molefunken" ut når ho hadde den på,
rett og slett ikje heilt overtydd om at dette var noko kult...
Mønsteret er frå Drops Garnstudio, på nett, du finn mønster HER
Eg strikka den i originalgarnet Karisma frå Drops.
Eg sjølv er ikkje overtydd om at det blir fleire hundegenserar, synast det vart litt mykje dill med mønster på vrangen og likte ikkje opp-plukkinga rundt "ermene"
(Synast at størrelsen kunne vore litt større, har strikka etter største, som er til cocker spaniel.)
Ha ein fin dag!




















