fredag 18. januar 2013

Lue med reflekstråd - UFO prosjekt


 Medan eg leitte etter nokre pinnar i går kom eg over dette UFO prosjektet....
Lua har lagt i eit års tid trur eg...Den stranda pga noko så teit som at eg skulle gå frå rundpinne
til 5 pinnar etter minking av maskar!
Når eg då tok den fram i kveld tok det sånn ca 7 minutt å gjere den ferdig....er det muleg liksom!?
Eg kan hukse at snuppa på ni ikkje var sæleg interessert i den då eg holdt på med den, så det var vel òg ein grunn til at eg ikkje stressa med å gjere den ferdig.
Men når eg var ferdig med den no i kveld og skulle ut å gå ein tur, fann eg ut at eg kan jammen ha den sjølv! Ypperleg til kalde dagar på hundetrening for eksempel! :)
Reflekstråden som er strikka i, er iallefall heilt genial!!!

Nærbilete, strikka i Drops Nepal med ekstra refleksgarn i rillene!

Ha ein fortreffeleg helg!

1 kommentar:

  1. Hua vart kjempefin den og reflekstråden er genial :o) Her går det i sokkestrikking. Ferdig med eit par og begynte på eit nytt i dag. Sterkgarnet frå Du Store Alpakka er kjempegodt og strikke med, mjukt og godt vert det også. Skal strikke fleire sokkar i det!

    Ha ei fin helg!
    Mariann

    SvarSlett