søndag 24. februar 2013

Monsterbukse, tunika og kort til bursdagsbarnet

 På ettermiddagen i dag har vi vore i bursdag til niesa mi som fyller 5,
og då vert det litt heimelaga frå tante...

 Monsterbuksa er denne gang laga i Drops Nepal pnr.5
Fargane er i seg sjølv litt "dropsaktig" :)
La opp 96 masker og det vart passeleg til 5 år.
Har nytta meg av mønsterfroklaringa til "Smoochie"
ellers er det fri fantasi i fargar og mønster.

Tunikaen hadde eg liggande, den sydde eg litt tidlegare og er til litt varmare dagar enn vi har no...

 Sommarslege fargar... Pynta med Hello Kitty....




 Ho er ganske oppteken av sjørøveri (les Kaptein Sabbeltann) for tida, 
så det blei eit sjørøvarkort i god jentestil ;)





 Eit lite rosa Zhu-Zhu pet-marsvin  fulgde òg med gåva,
så ein kan trygt sei vi har holdt oss innafor rosa-malen!


Vi har hatt ein strålandes dag, først på skøyteisen i nydeleg sol med varm kaffi og grilling, 
og så i triveleg bursdagskalas etterpå!
Det er dagen sin det!
(kanskje eg får laga til litt bilete frå skøyteisen òg etterkvart)

Ha ein strålande søndagskveld!
 

4 kommentarer:

  1. Heldige niesa di som er så heldig å ha ei slik flink tante:)

    SvarSlett
  2. Så fin gave og kort!! Skal si du er kreativ og flink, som både strikker , syr og scrapper!!

    SvarSlett
  3. Her var det mykje flott som vanleg!! Buksa vart kjempefin og kuuul :)) Tunikaen var nydelig og kortet supert. Du er berre so fantastisk flink, beundrar deg verkeleg!!
    Ha ein super kveld, snakkast i morgon!

    Mariann

    SvarSlett