søndag 1. desember 2013

Lue med vri II

Då er eg klar for kulden med hue med vri til meg sjølv!
Denne er strikka i Drops Merino Ekstra fine.
Eg la opp 92 masker på pinne nr 4
Resten av mønsteret finn du om ønskeleg i forrige innlegg

Godt fonøgd med huen, den sitt godt på og her er det ikkje noko
som klør eller stikk i allefall! :)

 I dag har det vore tent adventslys i heimen,
og mange ungar har nok venta på første dagen i adventskalendaren...

Vi starta i fjor med ein ny vri på adventskalender, etter 
inspirasjon frå Skorpionens Hjørne.
I staden for 24 ting x 2 har vi gått over til at ungane har kvar sin
 papp-snope-kalendar til kvardags,
og så får dei heller ein liten pakke kvar på adventssøndagane.
Mykje mindre stress for mor,
færre unødvendige dill-dall pakkar,
økonomisk,
fornøgde ungar +førnøgd mor
= Lykke

Faktisk spurte 10-åringen vår om vi ikkje kunne gjere det 
sånn som i fjor med adventskalenderern,
-så då var det ikkje mykje å lure på!

Ønsker alle ein fin adventstid!


2 kommentarer:

  1. Nydelig lue, Anita! Syns de der var kjempefine og denne var lekker til deg. Nydelig farger til dine vakre øyner :) Koselige julebilder også.

    Så kjekt at vrien med adventsgaver falt i smak hos dere også. Her kjører vi adventsgaver på 3. året og det er kjekt for alle 4 barna. De får en enkel 10-kroners sjokoladekalender å åpne de andre dagene, så det er vinn vinn for alle. Julen skal ikke bare være om å få og få hver dag :)

    Nyt førjulstiden, Anita! Prøver å komme igang med julegave-strikk her, men så begynte jeg på bok 1 av Fifty shades of grey... Djeezes! Boka vinner over strikkepinnene, hihi. Kan bli stress-strikking fremover, fnis ^_^

    Flott uke til deg & dine!
    Klem, Eli Kristin

    SvarSlett