lørdag 8. mars 2014

Karneval


 I går var det karneval i 4H klubben vår, og som rådgjevar stiller sjølvsagt vi 
vaksne for å hjelpe til og for å vere med på moroa ツ
Eg er ikkje sein å be når det kjem til å kle seg ut, og eg valgte meg ut å vere 
unge frøken Sau i frå Grim & Gru.
Filmen pleier gå på fjernsynet i jula, eg er like fasinert over kostymet og ferdighetene på isen kvar gong! MEN det skal seiast eg valde å droppe skøytene! 

 -Originalen, bilde lånt frå filmen-

Eg trengde heller ikkje å investere i nytt og dyrt karnevalsutstyr.
Parykken hadde eg frå før, det var berre å mekke nokre øyrer (kartong og fleece) og sy dei på.
Drakta er gammel og FLOTT, skal visst nok vere ein kjempegammel frisørkappe, 
som eg børsta støv av!
Synast den er sååååå fin, og har lenge hatt lyst til å få brukt den til noko, så ENDELEG!
Den passa perfekt til formålet!
Det einaste eg investerte av nytt var eit sett med lausvippar! ツ
Det er ikkje kvardagskost med den slags, og ikkje spesielt behageleg å gå med, 
så det kjem ikkje til å bli ein vane  ツ
Var godt å få dei av igjen for å seie det slik!
Mannen i huset var òg med, han lar seg ikkje be to gonger han heller! ツ

Ha ein fin helg og hugs:



2 kommentarer:

  1. Kjempekuuuult!! Rekna med at dette kom til å bli bra, men det vart jo fantastisk, so fiiiine dåkke var!! :o)) Rekna med at de storkosa dåkke!

    Snakkast ;))

    SvarSlett