onsdag 11. juni 2014

★ Fjortis-kort ★

 Vår kjekke gutt vart fjortis for eit par veker sidan, og då måtte det til eit tøft gutte-fjortiskort!

 Sjølv om vi nyter vêret og er mykje utandørs, måtte eg jo lage kort til fjortisen!
Men som vanleg tar det tid å få blogget...
Bruk av "guttestæsj" var ein sjølvfølge. Brukar å samle på tøffe merke/tags som har hengt på kle nettopp til slike guttekort, ellers er det enkelt, grovt og forsøkt laga maskulint.
-Og fy rakker'n kor glad eg er i Dymo'en min!!!  ツ

Innsida måtte sjølvsagt ha pengelomme...
*
No er fjortisen feira og nye bursdager står i kø!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar