torsdag 23. oktober 2014

✪ Tankestreg I ✪

 Har strikket Tankestreg frå Geilsk, eit plagg eg har hatt på lista lenge, og no endeleg har eg fått strikka den :) Mønster og garn kan bestillast her: Geilsk
Eg har juksa litt med garn og brukt Tynn Alpakka frå "Du Store Alpakka"
Fann ut at det vart likt med strikkefasthet, og litt enklare å velge farger på butikken enn å berre sjå fargane på nett. Tynn Alpakka hadde utruleg mange fine fargar å velge mellom, så det vart litt kvaler å bestemme seg, men er fornøgd med valet! Kjolen passar godt med litt "rampete" fargar :)
Det var vel litt av grunnen til at eg falt for kjolen i utgangspunktet; Fin - tøff  - og litt rampete!

 Eg  bekymra meg litt for at eg skulle strikke så mykje med så tynt garn og tynne pinner, men det gjekk i grunnen greit, og for den observange sjåar kan ein i overskrifta sjå at det står:
Tankestreg I ( èin ) Med andre ord har eg ikkje tatt heilt skrekken og nr. 2 er på pinnane.....
Garnet er forøvrig utruleg mjukt og deilig, og lett, så trur ikkje den kjem til å sige.
 
***

Tankestreg
Tankestreg er et valgfrit tegn, der erstatter tegn som komma, semikolon og punktum, men også en parentes. Det vil sige, at der ikke er noget tilfælde, hvor man skal bruge tankestreg (.....) 
Det, der typografisk adskiller en tankestreg fra en bindestreg, er, at der er luft omkring tankestregen, og at den er længere.
         Saksa frå : www.folketingstidende.dk

Ein liten endring eg har gjort, er at det i mønsteret er 4 omg i stripene, der har eg strikka 5 omg.
*
Det går elles veldig treigt med blogging om dagen, då vi har eit ubrukeleg internett for tida, håpar på snarleg betring og er plutseleg tilbake med meir! :)

 ♥ ♥ ♥


1 kommentar: