onsdag 7. januar 2015

♥ Staffvotter og hals ♥

 I romjula vart det endeleg litt "egostrikk"
Julegåvene var ferdigstrikka og ein kunne jo ikkje berre sitte der med hendene i fanget.
Så då gjekk eg til innkjøp av garn til staffvotter og hals til meg sjølv.
Har ein slik hals frå før som eg meir eller mindre bur i, så eg trengde heilt klart ein til!
Den er strikka i Puno og er heilt herleg, så val av garn var enkelt, og desse vottane har eg også sett i Puno og synast dei var så fin i ei litt "pusete" utgåve.
Dermed vart det altså Puno med innstrikka sølvtråd.
(lysblå finnast ikkje med sølvtråd i frå før)

Mønster til vottane fann eg her:
Garn: Puno og tynn sølvtråd
Pinner: 5,5

Hals
Legg opp 99-115 masker (oddetall)
(alt etter kor lang ein vil ha den, surres to ganger rundt hals)
Pinner: 8 eller 9 rundpinn
Strikk perlestrikk rundt, så høg ein vil
(eller har råd til... :) Dyrt garn, men HERLEG)
Til alt brukte eg 2 nøster Puno og kanskje halvparten av ein sølvtrådrull.
Settet er allereie tatt i bruk, kjempedeilig!

1 kommentar:

  1. Nydelig sett♥
    De vottene har jeg også strikket noen av, kjempefine og enkle.

    SvarSlett