Då er eg endeleg ferdig med kosegenseren til snuppa!
Har ikkje tatt himla lang tid, men kan ikkje seie at dette er inspirerandes strikking...
Synes det er sååååå kjedeleg å strikke berre riller.
Men gensaren vart myk og god, ser vel ikkje akkurat ut som noko praktverk men....
Eg strikka den etter denne modellen som eg fann hos Ullent eventyr
For meg var det mykje meir tiltalande å begynne på denne utgåva som er strikka i eit heilt stykke.
Strikka altså fram- og bakstykke i eitt (laga hol til hals og fortsatte nedover ryggen).
Plukka opp maskar langs skuldrane og strikka ermane ut derfrå i eit stykke = lite montering!
Hadde tenkt å ta bilete før eg monterte, men kl. 23.30 i går kveld vart det gløymt...
Brukte mønster etter 11 år (snuppa er 9år) Har strikka i Drops Alpakka (grå) og Drops Kid Silk (kvit)
Eg brukte 4 nøster med Alpakka og 3 nøster Kid Silk. Pinne nr.7
Så må eg nesten ta med eit bilete av den fine gensaren eg har fått meg!
Eg var så heldig at mor mi ville strikke gensar til MEG!!!
Og fekk velge gensar frå øvste hylle! Wow!
Då var valget ganske så enkelt, eg har lenge likt denne gensaren, men aldri i verda om eg
hadde planar om å strikke så mykje ribb på pinne 2,5!
Eg er svak for grå, så fargekombinasjonen vart lysare enn originalen.
Her for litt sidan var gensaren ferdig og eg er superfornøgd!
Jammen ikkje kvar dag at eg får eit strikkaplagg i gåve!
TUSEN TAKK!!!!
Tilbake til pinnene :)

































