mandag 24. juni 2013

Nytt fotoapparat = nytt leiketøy...

 Som eg nemnde i forrige innlegg har eg investert i nytt kamera ツ
Eg har jo eit godt speilrefleks, og forsåvidt eit anna kompakt i entusiastklassen, men det byrjar bli nokre år og ein del fisk har svømd i havet sidan den gong..... Så eg har i ei tid vore veldig lysten på eit nytt. Som sagt er eg godt nøgd med min Nikon D90, men det ER praktisk med eit mindre kamera enkelte gonger!
 Eg har grubla i eit års tid på kva merke, og studert ein del testar, no var det tid for å bestemme seg, og Panasonic gjekk av med sigeren hos meg.
No er det berre å sette seg inn i menyar og instillingar, i grunnen ein tilfredstillande jobb! ツ

Nokre bilde frå helga:

Teken med vanleg "landskapsinnstilling"

 Sheela er sommarklypt og teke bilde av med "mjuk" effekt.
Litt drømmeaktig...

 Ein litt artig innstilling gjer at ein kan fotografere der berre den èine fargen ein vel kjem fram.



 Vanleg autoinnstilling

(og nei: straumledningane går IKKJE gjennom bålet,
men eit godt stykke bak! ;)

"Kunsteffekt"

Er helst dei vanlege innstillingane som kjem til å bli brukt mest, men litt moro å leike seg litt! ツ


onsdag 19. juni 2013

Hagevandring

 På tide med litt blomsterbilder...
Våren har som kjend vore SEIN, men no er vi i gang!
Det er berre å nyte blomstring, det er fortsatt ikkje noko voldsomt til temepraturar, 
men det gjer jo berre til at rhododendron blomstrar lengre!
Her kjem eit bilderas frå hagen







 Midt oppi blomstringa har eg fått meg eit nytt leiketøy,
nemleg nytt kompaktkamera i "entusiast-klassen"  ヅ
Så no er det testing av nærbilde :)
Bilda nedover no er teken med nytt vidunder! 
 












 Ubedne gjestar i hagen! 
Dei slepp heller ikkje unna linsa!
Desse eklingane plukket eg ein drøss av i går kveld, dei har funne ut at dei kan snauete stikkelsbærbuskane mine! Nei, takk! Dei et så ein nesten kan høyre dei tygge!
Dei lyt nok finne seg i å måtte forlate området!



 Litt utom hagen for å finne skjønnheter også, her: tyttebærblomst.



 Må sjølvsagt teste litt finesser på kamera...

 Samme motiv med forskjellige innstillinger...






No skal eg lage til bursdagskalas, så då får eg teste kamera på unger i farta!

fredag 14. juni 2013

Dagens bursdagskort

 I dag har eit av mine skjønne tantebarn bursdag.
Ja, eg er så heldig å ha opptil fleire herlege og gode tanteungar! Både store og små!
Men i dag er det Alette det gjeld! Gratulerer såååå mykje med 20-års dagen! ♡
Litt travle tider om dagen, så ikkje av det mest avanserte slaget, mellom alle ting
 som skal skje på ein gong!

Innsida  med pengelomme.

Det vart dagens kjappe innlegg!
-og likevel gjekk det sikkert minst 20 min....

onsdag 5. juni 2013

Ny uteplass ツ

-Før-

 I løpet av mai har vi styra med å lage oss ny uteplass. Vi har tidlegare vore fornøgd med ein paviljong av stålkonstruksjon og duk. Men med det vêret vi har mest av her, der vi måtte passe på duk i blesten og regn som pøste inn og møblar som blei våte, var vi sååå klare for ein meir permanent plass, som ikkje skulle koste skjorta....
Ikkje alltid så enkelt det, vinterhage hadde vore flott, men det var dei pengane då... 
Eg satte dei små grå i sving, og etter ein tenkedag ble idè presentert for gubben. Han tende tydeleg på idèen og nesten før eg hadde fått sukk for meg var han i gang å rive gammelt!
På bilde over er allerie eine  skilleveggen som stod mellom platting og tørkestativ tatt vekk.
Den eine plattingen har vorte til ein ny sitteplass ein annan stad i hagen, og den andre er skrudd saman og blir til badebrygge!

 Her er ny platting under bearbeiding og den gamle som var under paviljong er tatt vekk.
Dette er i slutten av april.



 Vegger og tak tek form


 Vegger er ubehandla og uhøvla kledning som må beisast. Tak er sota, gjennomsiktig plast.

 Vi jobba som gale, og til 17.mai stod plassen klar til bruk!
Manglar litt enno, men nok til å kose seg!
I ettertid er det komen på plass glas i vindauget i bakkant, og kva dag som helst no kjem skyvedørar som skal settast i front slik at det er mogleg å lukke att for regn, vind og knott!
Har òg kjøpt tynne gjennomsiktige svarte gardinar som skal holde knotten ute når dørane står opne.



Her manglar forstatt døren som går vidare ut til tunet og det gamle skjelettet til paviljong skal sjølvsagt vekk...Ikkje alt er heilt på stell enno...
 

Testing i godt lag! :)

 Det byrjar å grønskast og blomstre

No er det berre å nyte lyse kveldar og kose seg...

Eit par bilete av korleis den gamle plassen såg ut.
Koseleg det òg, men den nye blir konge!
Berre å vente på at plenen skal ta seg på tak, i år har vi hatt skikkeleg grasbrann, 
og det ser ikkje ut  her. Vi har sådd i litt nytt og gjødsla, 
og ser stadig at det blir betre, men det tar tid...
Vi må berre smørje oss med tolmodigheit og håpe...men det er nok lenge til plenen 
ser like grønn ut som her
Får komme med fleir bilde når resten er på plass!
No må eg på litt fotosafari og knipse blomstring!


tirsdag 4. juni 2013

Tenåring

 Bloggen har verkeleg ikkje vore prioritert i det siste.
Fleire grunnar til det sjølvsagt, ein av dei er at vi har hatt tenåringsbursdag i huset! 
Kor tiden flyr, guten er vokst mor over hovudet allereie og ingenting som minner om liten gut lengre. Til hausten er det ungdomskulen som ventar, ein ny milepel...
Men i allefall, her er kortet som eg ikkje hadde tid til å lage, men som blei til likevel... ;)
Enkelt til ein tenårimg utan for mykje dill!
Pengekort, då pengar og sparing til ny mobil stod øverst på lista i år.
Innsida har eg på eit eller anna vis gløymt å ta bilde av....
Stressa...? Mogleg det.....

Ellers er det mykje anna som eg har hatt plan om å blogge, men tida fyk av stad, 
og vêret har vore for fint til å bruke foran skjermen,
eg har stort sett stått på hovudet i eit blomsterbed
og er heilt fornøgd med det!
Når det endeleg vart vår vart det mykje å gjere på ein gong! 
...og no ventar eg ikkje på våren lengre, på tide å skifte ut "headingen" på sida her ser eg...
Ha ein fin kveld/ natt ;)