onsdag 30. januar 2013

Kaffikos og husarbeid...

 I dag har dagen starta med baking av knekkebrød.
-og sjølvsagt forefallande husarbeid...
Eg har dei siste dagane hatt litt rydesjau, ikkje at det er så grådig festleg å rydde,
men det er jo reine åpenberringa når det er gjort og ein kan entre inn i eit nyrydda rom!
Lykke!
Eg må berre innrømme eg er av sorten som HATAR at rotet kryp inn på meg, 
taklar det dårleg for å sei det mildt...
Men eit rydda rom er FANTASTISK! 
Så å rydde litt er verd det! Ikkje minst å få kaste litt er godt! ;)
Får liksom rydda litt i topplokket samstundes!

 *
No var det vaskerommet som stod for tur i går....
Der har eg ein del skap som fyllast opp med alt mogleg av sorten
"veit ikkje kor eg skal legge det akkurat no -berre få det VEKK så lenge..."
Slike skap og benkar har det med å verte ufattleg fort fulle!
Fekk gjort mykje i går , men har litt att,
(sjølv om eg fylde ein heil boss-sekk!)
men fekk gjort nok til at eg gleda meg til å gå inn der i dag!
Kall meg gjerne sprø, men den herlege følelsen eg får av at eit rom er nyrydda,
er så fantastisk at det må være sunt for kropp og sjel! ;)
*
Etter litt klesvask før frukost, var det klart for nylaga knekkebrød og ein god kopp kaffi...



lørdag 26. januar 2013

Skinkevarmar :)



No har eg endeleg laga eit plagg til meg sjølv
-eit VIKTIG plagg faktisk!
Eg har ekstremt lett for å bli ISANDE kald på skinka, så no skal det bli ein ordning på dèt!


Mønsteret er frå Pt-Design nr.109
Eg har brukt Falk garn frå Dale Garn 
Tidlegare har eg laga den i desse fargane HER 

 

Trådane er festa, som alltid er like kjedeleg, men godt når det er gjort!
Så no kan eg gå ut i vinteren med stilongs, skinkevarmar og vinterbukse, 
då må det bli perfekt!
:)

Kosegenser

Jadda.......eg veit......
Eg skulle liksom ikkje begynne på ein "Skappel-genser"
Så lenge varte det....
-Ikkje fordi eg ikkje synast om den, å neidå!
Gensaren er heilt flott den og ser kjempedeilig ut, men eg har tenkt mitt om  kor
dritgørr (unnskyld!) det må vere å strikke kjedelege rillar fram og tilbake....
Likar liksom at det skjer noko undervegs...
Så no er eg spent på kor lenge tolmodet varar! :)
Gensaren er til snuppa mi, str 11 år, og ho valde sjølv at den skulle vere i grått!
Litt overraskande, men fargen er flott den (nett so eg skulle valgt den sjølv! :)
og garnet er herleg mykt!
*
Wish me luck!
*
Eg kjem straks tilbake med eit anna prosjekt som nett er ferdig, skal berre feste litt trådar...

Ha ein fin-fin dag!

søndag 20. januar 2013

Gjensyn med sola!


 I dag måtte vi ut og feire at sola er komen att her hos oss!
Det er ikkje så lenge ho er framme, men fantastisk så lenge det varar!
 




 Nydelege forhold på skøyteisen!

 ...og nydelege forhold for ei sosial samling rundt varme frå sola, bålet og kaffen :)



Når sola fòr var det ekstra godt med varme frå bålet!

Nyt uka som kjem!

fredag 18. januar 2013

Lue med reflekstråd - UFO prosjekt


 Medan eg leitte etter nokre pinnar i går kom eg over dette UFO prosjektet....
Lua har lagt i eit års tid trur eg...Den stranda pga noko så teit som at eg skulle gå frå rundpinne
til 5 pinnar etter minking av maskar!
Når eg då tok den fram i kveld tok det sånn ca 7 minutt å gjere den ferdig....er det muleg liksom!?
Eg kan hukse at snuppa på ni ikkje var sæleg interessert i den då eg holdt på med den, så det var vel òg ein grunn til at eg ikkje stressa med å gjere den ferdig.
Men når eg var ferdig med den no i kveld og skulle ut å gå ein tur, fann eg ut at eg kan jammen ha den sjølv! Ypperleg til kalde dagar på hundetrening for eksempel! :)
Reflekstråden som er strikka i, er iallefall heilt genial!!!

Nærbilete, strikka i Drops Nepal med ekstra refleksgarn i rillene!

Ha ein fortreffeleg helg!

lørdag 12. januar 2013

Fotosafari

 Vi er så heldig å ha eit strålande fint, kaldt vintervêr om dagen.
Perfekt for å komme seg ut på fotosafari!
Det har eg vore på i dag òg!
Tok meg ein tur ut med kamera i formiddag og berre gjekk rundt og leika meg på søk etter motiv.
Eg lurte på før eg gjekk om eg skulle bytte ut linsa på kamera til ein med meir zoom, men lot det vere, det angra eg stygt på då eg kom ned til elva og oppdaga dei nydelege svanene!!!
Eg prøvde å liste meg innpå dei, det var heller mislykka, då frosten knirka, knaka og peip under skoa mine.... Men nokre bilde på halvnært vart det. 
Trur eg må ned å sjå etter dei i morgon òg, med RETT linse!

 Sola er ikkje komen tilbake her hos oss enno, og bilda vert ganske kalde med lite variasjon i fargane. Då er det ekstra kult å finne slike "skattar" inn i mellom, slik som denne flotte raude båten.
Eg måtte bakse meg litt både slik og sånn før eg kom meg i rett posisjon... :)
Her er bilda teken med fokus på forgrunnen på det første og fokus på båten på det andre. 
Begge deler ganske kult på sin måte!







Sheela venta i hagen i dag, i lag med matfar, ganske fornærma då eg fôr utan ho, 
men fornøgd då eg kom att... :) Så då fekk ho vere med på bilde i dag òg!

Ønsker deg ein flott kveld!





onsdag 9. januar 2013

Vinterdis

 I dag har eg hatt fri og var fast bestemt på at eg skulle ta med meg kamera når eg skulle ut.
Det letta heldigvis litt med regn i dag, men det er ganske så grautete tåkedis ute, så det såg ikkje så lovande ut for fotografering. Men det er rart med det, det er som oftast noko å ta bilete av likevel...




 Sheela var sjølvsagt med
Men ho gjorde det ikkje enkelt å ta bilete og halde kamera i ro, når ho plutseleg rykka i bandet, 
og alt på biletet var plutseleg litt uklart kan ein seie....





 Juletreet vårt flytta ut frå stova i går, og har visst fått seg ein mellomstasjon i hagen...


Vart litt varierande fargar alt etter instillingar på kamera i dag.
Ha ein fin dag!

tirsdag 8. januar 2013

Frem fra glemselen....

 Eg har sete å rota litt i bilete på pc'en, og fann nokre haustbilete som var vekkgløymd....
Synast dei var for fin til det...
Dei to fyrste er teken rett utan for jobben min i haust.
(Teken med mobilkamera,  retta litt på kontrasten)



 Dei neste er tekne  i nærområdet  vårt. Hausten i år bydde på utruleg flotte fargar




I morgon har eg fri og håpar på opplettsvêr, då har eg ein plan om å ta med 
meg kamera ut på oppdagelsesferd igjen...
Ha ein fin kveld :)

lørdag 5. januar 2013

Overgang

Det nydelige været vi hadde før og inn i julen har definitivt snudd og her er det regn og grått....
Dette bildet var tatt for et par dager siden, da regnet det voldsomt og en kunne se snøen forsvinne.
Ute gikk det fra hvitt til grått og det var bare å nyte siste kontrast i vinuskarmen mellom julens røde farger og den kvite reine snøen. Nå er det nesten vårlig ute og julen er på vei ut av huset....
Men at snøen kommer tilbake før våren, det er nok sikkert.....
Ha en fin helg!