Viser innlegg med etiketten Reflekstråd. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Reflekstråd. Vis alle innlegg

onsdag 8. oktober 2014

❈ Reflekshuer ❈

 Mørketida er i full anmarsj, så då er det om og gjere å vere beredt.
Har strikka eit par reflekshuer, den eine er ein bestilling 
(som eg vanlegvis ikkje tar i mot, ønsker er greit, ...men eit lite unnatak denne gang...)
Den andre blir farsdagspresang om litt.... (ingen fare, han les ikkje bloggen)


Reflekshue

Garn: Merino Extra Fine, Drops ca. 1,5 nøste
Reflekstråd
Pinner: 3,5mm

Legg opp 116 m (voksen), strikk ribb 2r 2vr
Strikk reflekstråd med der ein vil
Strikk ribb ca.17-18 cm
Start fellinger oppe slik:
1.omg: Strikk alle vr m sammen (= 2r  2vr sammen pinnen ut)
2. og 3. omg: strikkes vanlig (= 2r 1vr)
4.omg: alle rette m sammen (= 2r sammen 1vr pinnen ut)
 5. og 6. omg: strikkes 1r 1vr 
7.omg: strikk sammen 2 og 2 m heile omg
Gjenta siste omg ein gong til, trekk tråden gjennom maskene.
❈ ❈ ❈


Litt tryggare ute i haustmørket, og fine presanger med omtanke til dei som har alt, 
reflekshue har dei neppe! (>‿◠)✌

torsdag 10. oktober 2013

Haust og tid for strikkehue med refleks

Strikket hue med refleksgarn er ganske lurt!
Min svoger kom med eit lite hint i vår etter å ha sett min grå/rosa/lilla hue med refleks;
"Finnes det svart refleksgarn?"
(>‿◠)✌
Så då var det enkelt å vete kva han skulle få til bursdagen sin i haust!
Huen er strikket i Drops Merino Ekstra fine,
2 rette og 2 vrange heile vegen opp.
Brukte èin pakke med refleksgarn av den breiaste sorten.

Så litt haustbilete...














fredag 18. januar 2013

Lue med reflekstråd - UFO prosjekt


 Medan eg leitte etter nokre pinnar i går kom eg over dette UFO prosjektet....
Lua har lagt i eit års tid trur eg...Den stranda pga noko så teit som at eg skulle gå frå rundpinne
til 5 pinnar etter minking av maskar!
Når eg då tok den fram i kveld tok det sånn ca 7 minutt å gjere den ferdig....er det muleg liksom!?
Eg kan hukse at snuppa på ni ikkje var sæleg interessert i den då eg holdt på med den, så det var vel òg ein grunn til at eg ikkje stressa med å gjere den ferdig.
Men når eg var ferdig med den no i kveld og skulle ut å gå ein tur, fann eg ut at eg kan jammen ha den sjølv! Ypperleg til kalde dagar på hundetrening for eksempel! :)
Reflekstråden som er strikka i, er iallefall heilt genial!!!

Nærbilete, strikka i Drops Nepal med ekstra refleksgarn i rillene!

Ha ein fortreffeleg helg!