tirsdag 25. februar 2014

Restegarnsokk

 Eit par ankelsokker av restegarn. Er veldig glad i  ankelsokker i strikket utgave sjølv, 
men disse blir litt små til eget bruk så dei går i gåvekorgen.
Har brukt restegarn av Sterk (Du Store Alpakka) og oppe på bråtet er det ein rest 
av Merino Ekstra Fine (Drops) Strikket på p 3,5 Str ble ca 36. Maskeantall 48,
ellers strikker eg etter sokkeoppskrift som sitter i hodet...
Greit å bruke opp  litt rester som ligg og sleng...

No skal eg snart ta kvelden, må berre halde ut litt med ein fot i grønnsåpevann først. Klarte å få  ein skikkeleg heftig flis godt inn i foten  i dag tidleg. Fekk den sjølvsagt ikkje ut og etter ein dag på jobb og trening i kveld er det ikkje mykje godt å gå på den, så eg setter min lit til grønnsåpen og håpar at den snart kjem ut.... argh....

Men så lenge armer og hender virker så er det jo alltid noko å ta seg til med....fnis...


lørdag 22. februar 2014

Trendy Lue / Rullelue / Kopi FWSS

....og dei som ikkje går rundt i OL-hue for tida går sansynlegvis i denne...


Med andre ord ikkje noko nytt og revolusjonerande herfrå.
Desse to vart laga i vinterferien. Mønsteret er frå Du Store Alpakka: Trendy Lue. Den med litt stipeeffekt er laga med "originalgarnet" til Du Store Alpakka; Air og Soul. Pinne nr.4
Eg var ikkje heilt fornøgd  med resultatet, synast det vart noko ujamt.
Den heilt kvite er strikka i Sandnes Alpakka Silke og Drops Kid Silk.
Her vart det òg noko ujamt, og burde hatt litt tynnare pinner.... Den vart veldig tynn og laus i strikket.
Begge kom seg litt etter at dei vart vaska, men er mykje meir fornøgd med dei eg har laga
 av billigare garn (alpakka både frå Nille og Spar Kjøp) Stort sett har eg brukt Kid Silk i alle huene.
Den eg er mest nøgd med (og dyraste) er vel den rosa, blogga her



fredag 21. februar 2014

Svelgde ein kamel og tok fram heklenålen...


OL-hue 2014...
For snart fjorten dagar sidan gjekk eg høgt ut, litt for høgt, og proklamerte at denne huen skulle eg ikkje lage...Eg har for lengst stått fram og hevda meg som ein ikkje heklar (klarer ikkje heilt å verte fortruleg med heklenål) og eg meinte jo sjølvsagt òg at denne kommer jo halve Norge til å gå rundt med, så då slepp eg å lage den....


Ja, det kan nesten sjå slik ut. Halve Norge går nok rundt i denne, fekk rett der...Men at EG skulle sette i gang med den var MEIR enn eg trudde! Men kva gjer ein ikkje når søtaste snupp spør fint?! 
Det er då måte på kva eit handarbeidsmammahjerte kan seie nei til!  -Og eg som er ein ikkje heklar...!


 Vel, det var berre å psyke seg opp og børste støv av både ferdigheter og heklenål...
Mest spent var eg på tolmodigheten, meg og hekling...
Men det gjekk på eit vis og vips så var eg godt i gang!

Eg lurte fælt på kva slags modell eg skulle gå for, det er litt forskjellige variantar som ligg ute på nett, og eit hav av garn å velge i. Dei fleste har vel gått for babyull til Dalegarn, noko tomme butikkhyller vitnar om. Eg gjekk for Sisu til Sandnes, dobbel tråd på heklenål nr 4.

Mønsteret eg landa på fann eg i bloggen til Jorunn;
Heim og Hjertero. Eg fulgde ikkje siste aukerunde, då den vart stor nok til snupp utan.

Og eg kom i MÅL!  ★ ★ ★
Oooog....no smugkikkar eg på andre hekleprosjekt på nett!
Kanskje var det eit norsk OL-press på heklenålen som skulle til!  ツ hi-hi....vel vi får sjå.....Kameler er faktisk mogleg å svelge! -Heilt ned!

Ellers har det vore strikking av sokker og luer før og i vinterferien, skal ta bilder å legge dei ut òg.
Men no er det fredagskvelden og det skal bli ein fryd å ha på litt anna enn OL på tv'n i kveld. Ser fram til Nytt på nytt.... ツ




onsdag 19. februar 2014

Vinterferie ❅ ❅ ❅


Har hatt nokre fine fridagar i forbindelse med ungane sin vinterferie.
Har vore nokre dagar i Ålesund på tur til familie, men kom heim i går kveld så i dag har vi vore heime og nytt eit utuleg flott vêr.
Då var det berre å komme seg ut litt i mellom gullmedaljar...
I morgon er det jobb, då er det berre å henge i stroppen att!


 Vi har knapt sett eit snøfnugg i vinter, men til i går kom det eit lite dryss og laga ny vinterstemning.
Her er altså dagens bildefangst :)











For ein dag framfor tv-skjermen! 
Snakk om å reise kjerringa!
Men jammen var det vel verdt å komme seg ut i vårt vakre land òg i dag!


torsdag 6. februar 2014

Denver strikkesokk

 Endeleg alle tråder festa og snupp kan ta i bruk nye, gode og varme strikkesokker!
Denversokken er eit  Drops mønster frå Garnstudio, eit veldig kjekt sokkemønster, min favoritt!

 Denne gang har eg brukt garn frå Du Store Alpakka, nemleg STERK!
Eit utruleg herleg garn å strikke, mjukt, godt og STERKT!
I tillegg er det veldig drygt! Til desse sokkane gjekk det kun med 100gr. TOTALT!!!
(35gr. kvit og 65gr. blå, og litt beige restegarn,sokkestr ca 37-38)

 Eit bursdagskort vart òg til i helga, hadde ikkje noko med sokkane å gjere, 
men tar det med her likevel.