Viser innlegg med etiketten Primosten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Primosten. Vis alle innlegg

søndag 24. august 2014

Ein sommar er over....

 Sommaren er over for denne gang, no er det minnene vi skal leve på leeeenge...
Vi har vore på tur, først til Sverige med campingvogna, også ei veke i Kroatia etterpå.
(på bilde har eg klart å skrive juli, det var august! Er sikkert fordi det allereie føles 
så lenge sidan når ein kjem tilbake til kvardagen...)
 Eg tek med litt feriebilde før det igjen blir handarbeidsbilda som kjem til å råde!
(på høg tid, har vore bloggtørke lenge no...)

I år som ifjor valde vi Primosten i Kroatia, ei perle som kan anbefalast på det sterkaste!
Vêret var fantastisk, nesten for hett, men det lyt ein godta :)
Sommaren i Kroatia har visst ikkje vore av den beste sorten, men vi traff  godt ifølge lokalbefolkinga.
Ein av få heile veker der nede uten ein regndråpe og med temperatur godt over 30 gr. kvar dag!
Fantastiske flotte solnedganger!

Fargane er upåklagelege anten det er til vanns eller til lands! 
- og smaken av iskrem himmelsk!
*
*
*
Handarbeid har vore med i ferien også, og litt småtteri av strikk har vorte til i løpet av vår og sommar, men blogging har ikkje vore prioritert, så litt bilde av det kjem også etterkvart!
Det er berre å henge i strikkepinnane utover hausten skal eg rekke litt gåver!
See you!


onsdag 7. august 2013

Kroatia - Primosten

Lenge sida det har vore oppdatert noko her no!
Det skyldast ferie og at vi bla har vore på ein fantastisk fin tur til Kroatia!
Øvste bilde er frå kvelden vi kom og synet som møtte oss når
vi kom køyrande til Primosten, der vi skulle bu!
Gjett om vi vart imponert!
(om du klikker på bilete, får du dei større og kan bla igjennom)

-og Primosten skuffa ikkje!
Det var ein utruleg idyllisk plass og vi berre storkosa oss!
Primosten ligg ca ein time nord for Split.
Advarsel: Her kjem eit bilderas! :)

Stranda, var litt spent på kva eg synast om stein og ikkje sand,
men det var jo berre utruleg praktisk!

Kontrastar...

Utanfor leiligheten vår.





Når ein ikkje har med seg bok på stranda, kan ein 
jo lage litt mosaikk i staden...

På køyretur til ein plass litt frå der vi budde; Rogoznica



Her er vi i Trogir

-Trogir-

-Trogir-

Tilbake på Primosten









Det var nokre FANTASTISKE solnedgangar!

Kyrkjegarden, som var utruleg flott!

Primosten; ein nydeleg plass, vi kjem heilt sikkert tilbake!