fredag 31. mars 2017

Lille Dahlia - Kjærlighet på pinner ❤️

 -Lille Dahliatopp-

Kjekt å strikke nokre småplagg inn i mellom...
Synast disse frå boka "Kjærlighet på pinner" berre  var så nydelige, så måtte bare teste ut :)
Toppen er strikka i Sandnes; Alpakka silke.
Pinnenr. 2,5 og 3
Str. 2 år
(mjukt og godt garn, men for min del, synast eg det vanskeleg å få jamnt)

 -Lille Dahliaromper-
Strikka i Adore alpakka 
 Str. 0-3 mnd 
 Pinnenr. 2,5 og 3




Boka "Kjærlighet på pinner" kan anbefalast, 
mange fine mønstre og ein flott bok!



søndag 26. mars 2017

Gretegenser

 Litt siden denne var ferdig, men det går litt treigt og i rykk og napp med å dele... ;)
Gretegenseren var ein "berre MÅ ha den" sak frå første augekast, og ikkje minst:
"MÅ HA DEN TIL MEG SJØLV!"
Synes fargane var heilt herlege, grått, kvitt og blått er jo heilt meg, men den oransje hadde eg nok ikkje kome på sjølv og ei heller turt om eg ikkje hadde sett den først i mønsteret og den flotte strikkeboka
#BYSTRIKK
Eg er superfornøgd med fargane og genseren!

 Garnforslag i boka er STERK, FAVORITTGARNET mitt!!! 
Elsker det garnet og anbefaler det til alt og alle så ofte eg har sjansen ;)
Pinnenr: 3,5
Garn: Sterk
Eg brukte 8 nøster grå, 2 kvit (litt meir enn 1 nøste), 1 blå og 1 oransje
 Eg har tillate meg eit kreativt sidesprang i frå mønsteret med å lage perlestrikk i staden for vanleg ribb og eg har laga litt innsving på bolen (etter mariusgenser-mønsteret)
Pinne forslag er 3,5 og eg heldt meg til det, sjølv om det i boka stod at strikkefasthet då skulle vere
 25m pr 10 cm, eg strikker med fasthet som oppgitt på garnet (22m) og måtte derfor gå litt ned i størrelse, så eg strikka i str S til meg (etter mål oppgitt i cm skulle eg hatt M/L) litt dumt at det då blir vanskeleg å strikke den etter mønster om eg då ville ha strikka i det som til vanleg er oppgitt av antall masker i feks S ( ein S-str ville blitt altfor stor for ein vanleg S med 22 m pr 10cm garn) Dette vart litt vanskeleg å forklare merkar eg....
Men altså; til vanleg ville eg (og dette er og det som er oppgitt i fht Sterk) strikka genser med å legge opp ca.220-230 masker til genser i str M, men her var det oppgitt 248 masker i str M...
Så ver obs på strikkefasthet! 
(å gå ned til tynnare pinner ser eg på som tøvete når eg eigentleg strikker etter "normalen" på Sterk-garnet) ;)

Anbefaler #BYSTRIKK på det varmaste, fine oppskriftar og flotte bilde, 
ein kjekk bok å kose seg med!
Kosar meg også med boka "Kjærlighet på pinner" for tida :)
Strikk derfrå kjem snart ;) ;)