fredag 23. november 2012

Vin-tags

 Her er litt meir som skal få vere med på messe i morgon.
Denne gang vin-tags.


 No håpar eg at eg har kontroll på alt som skal pakkast med.
Er vanskeleg å vite om mengdene er rett også, 
veit jo aldri... men det er sånn det er.
Og det eg ikkje har rukke til no det er bare å glemme, no er det 
endeleg fredagskvelden og det skal roast HEILT ned!

 Litt fleire Toffifee-eskar...

Håpar mange av oss sjåast på messen i Førde i morgon!
(Fjellvegen 10, "Brunosten")

Ha ein fin helg!


onsdag 21. november 2012

Strikk til telys - Tid for messe

Då er fleire ting frå julemesseproduksjonen min klar.
I dag er det strikk til telysa som står på dagsorden.


Ikkje så mykje fokus på eigne julegåver enno, men når eg no er ferdig med messa 
på laurdag er eg klar for å fokusere på eigne gåver...


 
 Har samla på hermetikkboksar i det siste og vore så heldig og fått nokre òg.
Ein del av dei er blitt spraymåla og nokre står faktisk i garasjen til tørk i dag òg...


Strikka med perlestrikk og pynta med heimelaga hjerter og tau.


  Nokre av lysa har fått klede rett på kroppen



 Då håpar eg det blir respons på messa med mykje folk!
Eg gler meg i allefall!
*
Då skal eg sta og hente snuppa mi på skulen, det er tid for å reise ned på
sjukehuset for å få fjerna gipsen på armen!
Trur ho gler seg til dèt! :)
Ha ein fin dag!


torsdag 15. november 2012

Toffi-fee esker med julehilsen


 Om ei veke skal eg vere med på julemesse og produksjonen er i full gang!
Dei siste dagane har eg pynta Toffi-fee eskar til den store gullmedalje.
Eg var ikkje sikker på om eg rakk nokon messe i år, men det er vanskeleg å stå i mot :)
Men nokre av oss jobbar jo gjerne best under litt press så eg ser ikkje heilt mørkt på det ;)
Kjenner på meg at i år trengte eg presset for å komme i "papirmodus" i gjen, og bra var det, 
for når eg først kjem meg ut på papirrommet kosar eg meg skikkeleg, og så er det jo noko 
spesielt med julepapir då........

Her kjem eit bilderas frå ein del av samlinga


 Eg har ikkje teke bilete av baksida, der er det mogleg å skrive ei helsing...








For dei lokale som er interessert, er julemessa neste helg,
 24.november 
kl.11-15
på "Brunosten"
Fjellvegen 10, 1 etg.
FØRDE


søndag 4. november 2012

Hundegenser


Har strikka på ein genser til hunden i det siste, i dag var den ferdig 
og det var tid for prøving...
Ho er ikkje spesielt begeistra for ting som skal over hovudet, men det gjekk
ganske fint i dag, likevel såg ho rimeleg "molefunken" ut når ho hadde den på,
rett og slett ikje heilt overtydd om at dette var noko kult...

Mønsteret er frå Drops Garnstudio, på nett, du finn mønster HER
Eg strikka den i originalgarnet Karisma frå Drops.
Eg sjølv er ikkje overtydd om at det blir fleire hundegenserar, synast det vart litt mykje dill med mønster på vrangen og likte ikkje opp-plukkinga rundt "ermene"
(Synast at størrelsen kunne vore litt større, har strikka etter største, som er til cocker spaniel.)

Ha ein fin dag! 


Utedag...

 I dag vart det ein flott dag så vi har nytta mykje av dagen ute.
Godt å få rydda opp i diverse ute som må i hus før vinteren startar for alvor.
Forrige veke var det snø her, så det var greit at den forsvann slik at vi fekk fjerna det
som vi ikkje hadde fått tatt vekk før.
Siste del av dagen nytta vi til ein skogstur og tok middagen på bål utandørs.
 
Det vart fort ganske kaldt når sola forsvann, men herleg friskt å vere ute.

Nesten vårleg ute, med snøsmelting oppe i lia.....


lørdag 3. november 2012

Monsterbukse



I går fyllte den skjønne nevøen min 1 år, så no har det vore tid for å strikke Monsterbukse!
Har i grunnen lenge synast at denne er morsom og tenkt at det hadde vore moro å strikke den. 
Så då blei det slik, endeleg nokon i rette alder for monsterbukse!
Og greit med små karar at då er det ikkje såå mykje arbeid heller :)
Fann oppskrift på nettet ein plass, å jo HER var det visst..
Mange oppskrifter å finne når ein googler...
Fleire anbefaler å sy med litt tjukkare tråd enn den ein strikkar med, men eg  er ikkje heilt overbevist om at det var heilt lurt....Synast at blei litt klumpete...
Kva erfaring har de??





Kjekt å strikke striper i allefall, går fort unna då! :)
Og kjekt med litt spreke fargar, blir ofte mykje grått hos meg... ;)
Og no er ikkje det prosjektet hemmeleg lenger :)





Og så kortet som blei laga til den lille jubilanten:

 Stempelet er eit gamalt Pandurostempel som eg "grov" fram :)

No er det endeleg helg i heimen og pizzaen skal nytast
( i lag med eit strikk tenkjer eg.... ;)
God laurdagskveld!