mandag 17. mars 2014

Solskinnskake

 Eg har ingen store planar om å starte matblogging, men alt for den gode sak! :)
Eg kom nyleg over denne utruleg flotte bloggen:
Der kan du finne ein masse gode oppskrifter og inspirasjon  for oss som ønsker å få i oss minst mogleg sukker/karbohydrat!  Det finnast fleire lavkarbobloggar og mange har eg fulgt med på ein stund, men det var noko ekstra med denne som eg fall for!
Ta ein titt, kan verkeleg anbefalast!
Og her kalles maten rett og slett Solskinnsmat!
(Du finn òg Solskinnsmat på Facebook)

 I helga testa eg ut denne solskinnskaken (eller suksessterte om du vil)
I denne består sukkeret av Tagatesse. Det er eit sukker som ikkje gir blodsukkerstigning og som kan brukast av diabetikere, dermed kan dei òg nyte ein god kake med god samvittighet!
(her er heller ikkje mel som gir blodsukkerstignig)
Les meir hos SOLSKINNSMAT.NO
 Eg driv og testar ut litt oppskriftar med Tagatesse då eg ikkje er såå begeistra for sukrinsmaken i bakverk. Synast tagatesse er betre slik. 
Solskinnskaken vart himmelsk og godt motteken i heimen!
(Men eg trur at på neste kake vil det blitt litt mindre mengde med tagatessse, slikt er ein smaksak og må nok utprøvast litt, eg er vand med lite søt mat etterkvart, og klarar meg med litt mindre søtsmak)
For min del vil eg heller ikkje ha mel i maten, så då er dette ein FANTASTISK kake,
 og den var berre kjempegod!
Oppskriften er altså frå Solskinnsmat, eg deler den her hos meg, men originalen finn du HER

(OBS! Oppskriften her er stor, og gir ein høg kake, med mykje fyll! Kan halverast om du vil :) )

Solskinnskake:
Bunn:
300 gram malte mandler.
8 eggekviter
150 gram tagatesse

Pisk eggekvite og tagatesse heilt stiv, ha i dei malte mandlane, 
bland forsiktig inn med slikkepott slik at lufta ikkje går ut .
Ha i rund form.
Steikast på 175 grader i 35 minutter.
La kaken avkjølast

Gul krem:
8 eggeplommer
75 gram tagatesse
2 dl kremfløyte
10 dråper vaniljeessens eller ekstrakt om du har
300 gram romtemperert EKTE SMØR i terninger
Varm forsiktig eggeplommer, tagatesse og fløyte i ein gryte under stadig omrøring. Røren vil då tjukne, ikkje kok for hardt, rør.
Ta gryta til side og rør inn litt og litt smør om gangen til alt smøret er godt innrørt.
Sett kjølig til kaken er kald. Ha så fyllet over kaken og la stå kaldt til servering.
Kaken er fin å fryse ned.


Tusen takk til Ruth-Elin, Solskinnsmat,
for inspirasjon!
-Du leverer ikkje berre solskinnsmat, du leverer òg solstrålar!


søndag 16. mars 2014

Nytt golv

 I samanheng med blogging av fornyelse av kjøkken nemde eg at vi skulle bytte 
golvet òg, no er det gjort, og det vart FANTASTISK! Eit nytt hus omlag!
Vi er  veldig fornøgde, lyst og triveleg og nett som vi ønskte oss :)

Det er utruleg kor rommet og interiør endra seg med det nye golvet!

No vart kjøkkenet komplett!

 
På onsdag var eg ute og gjekk tur med våren som følgesvenn, då vart
 desse med inn, i dag er det ikkje mykje som minnar om vår ute.

 Litt vårlegare inne i dag

 10 cm med nysnø og vinterens første snømann vart laga!
Vi har jo hatt ein fantastisk vinter for dei som ikkje likar snø og glatte,
det har i grunnen vore ein lang, fin vår. Rosene har fått små blad, krokus 
og tusenfryd var byrja å blomstre.....
Men eg har sagt i heile "vinter" at eg er no ikkje for trygg før mars er omme....
Men dette er nok ikkje snø som blir liggande lenge, 
men potterosen må nok halde seg inne ein stund til....


lørdag 15. mars 2014

Bursdagskort

Gløymde å ha med bilde av kortet som var med bursdagspresangen til tanteungen min 
(genser og uglehue)
Ikkje så mange kort eg lagar for tida, så må no klare å blogge det lille som er! ツ
Det måtte no sjølvsagt vere i noko RÅÅÅÅÅSA!
Kombinert med raudt, vart det no litt spreke fargar!

 Stempel er frå Magnolia, som vanleg måla med Distress.
Er litt "tom" på kortsida for tida, så meir avansert vart det ikkje.




onsdag 12. mars 2014

Ut på tur: Mostien

I dag er fridagen min, så då er det kjekt å komme seg ut å gå tur medan det er lyst, i tillegg var det eit flott vêr i dag, og vêrutsiktene framover ser ikkje så fine ut. Då vart det tur på meg og hunden. I dag fall valet på Mostien. Det er ein flott tursti i meir eller mindre flatt terreng i området rundt
 Sunnfjord Museum og Jordbrukskulen, ca 8 km nord for Førde sentrum. Parkering ved musèet. Lengda på heile stien er ca 3,5 km, og den er godt merka. Her kan ein ikkje gå feil, og om ein ikkje ønsker å gå heile er det mogleg å gå avstikkere som kortar turen. Undervegs er det òg laga til mange flotte informasjonstavler og anna" underhaldning"!

 På turen svingar ein innom Stølen. Her er gamle stølshus som er teken vare på. Her kan ein skrive seg inn i gjestebok for Stølen og Mostien.
I dag fekk eg endeleg cashet ein Geocash på Mostien som eg lenge har hatt planar om å få gjort òg!

 Skogbunn er berre såååå flott!!!

 I enden av Mostien ligg vakre Huldefossen, eit landemerke i Førde.

 Synast brua over til Moøyra er så flott, blir så stilig effekt på bilde.

 Huldefossen med litt fotokunsteffekt...

 Sheela venter mens matmor tar bilder...

 Tilbake på museumsområdet



Lang - lang rekke...


lørdag 8. mars 2014

Karneval


 I går var det karneval i 4H klubben vår, og som rådgjevar stiller sjølvsagt vi 
vaksne for å hjelpe til og for å vere med på moroa ツ
Eg er ikkje sein å be når det kjem til å kle seg ut, og eg valgte meg ut å vere 
unge frøken Sau i frå Grim & Gru.
Filmen pleier gå på fjernsynet i jula, eg er like fasinert over kostymet og ferdighetene på isen kvar gong! MEN det skal seiast eg valde å droppe skøytene! 

 -Originalen, bilde lånt frå filmen-

Eg trengde heller ikkje å investere i nytt og dyrt karnevalsutstyr.
Parykken hadde eg frå før, det var berre å mekke nokre øyrer (kartong og fleece) og sy dei på.
Drakta er gammel og FLOTT, skal visst nok vere ein kjempegammel frisørkappe, 
som eg børsta støv av!
Synast den er sååååå fin, og har lenge hatt lyst til å få brukt den til noko, så ENDELEG!
Den passa perfekt til formålet!
Det einaste eg investerte av nytt var eit sett med lausvippar! ツ
Det er ikkje kvardagskost med den slags, og ikkje spesielt behageleg å gå med, 
så det kjem ikkje til å bli ein vane  ツ
Var godt å få dei av igjen for å seie det slik!
Mannen i huset var òg med, han lar seg ikkje be to gonger han heller! ツ

Ha ein fin helg og hugs:



torsdag 6. mars 2014

Strikka genser og hekla uglehue ღ

 Har det litt travelt for tida, men no såg eg mitt snitt til å få redigert og lagt ut bilder av gåve som vart gitt bort i helga til ei lita frøken. Vel, det er vel ikkje lov å seie lita når ein er blitt 6 år 
og snart er skulejente!
Gensaren er strikka i Drops Alpakka og Drops Kid Silk. Hadde ikkje noko mønster og gensaren vart til undervegs, har vel nesten bare strikka meg rett opp og kobla på armar med raglan felling.

 Etter heklestuntet mitt med OL-hue hadde eg litt blod på tann, då var det berre å smi medan heklenåla var varm. Eg fann fram nokre restegarn av Merino Extra Fine og la i veg med entusiasme!
Eg leita på nett etter noko brukandes mønster til uglelue, det fann eg fint lite av...
Ho hadde laga ei uglelue med forklaring, så eg fulgde denne i grove trekk. Takk Eli! 
Auge, nebb og heklekant rundt vart etter fri fantasi.

Min lille signatur må vere med!


No kjenner eg at heklenåla skal få kvile seg.
Kan ikkje svikte strikkepinnene for lenge, fnis... ツ