Viser innlegg med etiketten Pinneetui. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pinneetui. Vis alle innlegg

lørdag 23. februar 2013

Nok eit strikkepinneetui

Eit strikkepinneetui til mor mi har stått på dagsorden.
Eg måtte jo sy eit ho kunne ha til pinnane sine òg, og det skulle sjølvsagt 
stå i stil til strikkeveska ho har frå før.
Ikkje nokon spesiell anledning, berre kjekt å gje ein overrasking!


Stoffet var ein gong i tida kjøpt på Stoff &Stil.
 
 Ha ein fin laurdagskveld vidare!
Her i huset kosar vi oss med beste underhaldningsprogram gjennom tidene på laurdagen;
"Hver gang vi møtes"
Berre synd det er siste episode i kveld, må det berre bli laga meir i denne serien!
Herleg når det blir laga proff, god  underhaldning UTAN ein einaste intrige!
HERLEG!


fredag 22. februar 2013

Reiseetui til pinnane

 Etter å ha laga eit større etui til pinnane, måtte eg jo prøve meg på ei mindre reiseutgåve :)
Denne lagde eg litt annaleis oppe slik at lengden på pinnane ikkje er låst. 
Har oppdaga at ikkje alle pinnane mine har lik lengde så det kunne jo være lurt.
Men ser  at når eg brettar ned er det lettare for at lokket stikk litt ut på sidane 
når eg bretter det heilt igjen...
Men pytt, det gjer no nytta si!

 Var på tur eit par dagar i vinterferien, og då var det kjekt å ha med denne 
lille og lette til nokre få pinnar ekstra

 Stor og liten utgåve matcher...

Må sy nokre pinneetui til, kjekke gåver, og kan få brukt litt restestoff (og litt nytt!)
*
Trur forresten eg sette ny verdensrekord når eg var i Bergen denne veka!
Dette var det eg la igjen i følgande butikkar:
Ikea  kr: 66,-
Stoff & Stil   kr: 167,-
H&M  kr: 29,50

Denne rekorden kjem nok ikkje til å bli sletta med det første, ikkje av meg i allefall!!!  

No er det helg, og eg skal kose meg både med symaskina og strikketøy! 



mandag 11. februar 2013

Mappe til strikkepinnane


Har laga meg eit etui til å ha strømpepinnene i. Har lenge hatt ein plan om å lage meg eit
nytt slik, ja NYTT, for eg har faktisk eit frå før som eg lagde i min pure ungdom, og det er ikkje 
spesielt lekkert...hi-hi....Skulle vel eigentleg ha hatt eit bilde av det òg, 
men no er det for seint...(pjuh!) :)
Det har vore i bruk til no, men berre i ein skuff, og stort sett oppslått berre slik at pinnane låg i ro.
Det var ikkje stiva av med dobbelt lag stoff og vliselin inni, så dette vart mykje betre.
Fann fram noko restestoff og kom nesten i vårstemning!
(Det er -12 ute så det går nok fort over!)


Eg lurte litt på om eg skulle ha knyting rundt eller borrelås, men enda på denne patenten med ein knapp og eit strikk. Ikkje noko krøll med knyteband som heng og sleng eller borrelås som set seg fast i strikktøyet... Vart i grunnen godt fornøgd med denne løysinga, praktisk at strikken justerer seg sjølv alt etter kor mange pinnar som ligg i.

Eg skal lage meg eit til, til dei litt tjukkare pinnane, det er jo slett ikkje alle pinnane som 
har fått plass her. Og når ein er på farten og skal ha med seg to eller tre sett med strømpepinnar i 
veska er det nok praktisk med ei lita utgåve, så det spørs om ikkje det skal syast òg!
Og så skulle eg hatt eit eige nett eller liknande til sjølve strikketøyet....
hm...her ballar det visst på seg =)


Vel-vel, får vel tilbake til snuppa som har vore heime med feber og vond hoste/hals i dag!
Har stort sett gått i ein-eller-anna "Channel" på tv, kortspill, varm solbærsaft, 
ligge-rett-ut-på-sofaen, og strikketøy på mor...