søndag 22. juni 2014

Bursdagskort

 Verdens beste jente hadde bursdag for nokre dagar sidan, her er kortet til go'jenta vår ♥

 Ikkje mykje innandørsaktivitet her for tida, men nokre kort må lagast.
Vi er stort sett berre ute, men dei siste dagane har det vore isande kald nordavind, så då 
har det blitt litt innetid  innimellom for å varme seg. 
Eg har ikkje fått følgd med så mykje på andre bloggar heller, men eg tippar på at det blir rikelig
med muligheter for innetid etterkvart, vi bur trass alt på Vestlandet, godvêret vil ikkje vare evig, og derfor skal det nytast i fulle drag så lenge vi har det!

Ha ein fin veke!


onsdag 11. juni 2014

★ Fjortis-kort ★

 Vår kjekke gutt vart fjortis for eit par veker sidan, og då måtte det til eit tøft gutte-fjortiskort!

 Sjølv om vi nyter vêret og er mykje utandørs, måtte eg jo lage kort til fjortisen!
Men som vanleg tar det tid å få blogget...
Bruk av "guttestæsj" var ein sjølvfølge. Brukar å samle på tøffe merke/tags som har hengt på kle nettopp til slike guttekort, ellers er det enkelt, grovt og forsøkt laga maskulint.
-Og fy rakker'n kor glad eg er i Dymo'en min!!!  ツ

Innsida måtte sjølvsagt ha pengelomme...
*
No er fjortisen feira og nye bursdager står i kø!