søndag 12. mai 2013

Konfirmasjonskort II

 Her kommer siste konfirmasjonskort. Det var til fadderbarnet vårt Thomas, som no
då ikkje er å rekne som barn lengre. Rart kor tiden går, lille tassen som snart er voksen gut, 
og vi som ikkje har blitt ein dag eldre, ikkje mindre enn utruleg!

Kortet var eit pengekort,
kjekt med litt bruk av bilder av konfirmanten...


No er vi ferdig med konfirmasjon og burdager i familien står no i kø

Førstemann ut i dag var Sheela!
1 år! Og Sofie måtte sjølvsagt lage krone!
Ikkje heilt overbevist kanskje...hi-hi....

søndag 5. mai 2013

Konfirmasjonskort

 Då er eg i hamn med årets konfirmasjonkort!
Fire stykker vart leverte i går til konfirmantar som skal "stå for presten" idag :)

 Alle korta er med pengelomme
Her kjem eit bilderas:






Då har eg eitt igjen som er ferdig, men det kan ikkje publiserast enno 
då konfirmasjonen ikkje er før på torsdag.
*
Til lykke med dagen til alle konfirmantane i dag!


torsdag 2. mai 2013

Kom mai du skjønne milde...? ❄

 I dag var det dette synet som møtte oss når vi vakna....trøstesløst... ☃
Ikkje så mykje som minnar om vår her.
I går kom eg tilfeldig over innlegget eg la ut 2.mai for to år sidan, og må innrømme eg 
vart noko himmelfallen då eg såg kor det såg ut på samme tid i hagen...
Då var plenen grønn (no er den, når den ikkje er kvit, lysebrun og ikkje eit grasstrå å sjå), påskeliljene er i år på samme dag berre komne 1,5 cm opp av jorden, og hagemøblar har det no ikkje vore tema å ta ut enno...
Når ikkje ein gong snøklokkene vil blomstre er det vel heller eit dårleg tegn..

Vel, det er vel berre å smørje seg med tolmodigheit og håpe på bedre tider.
Mannen er i allefall ute og jobbar med den nye uteplassen, stakkar, men han ser vel behovet for ein uteplass med tak over hovudet...
✿ God vår! ✿