fredag 27. februar 2015

♥ Knappeskjerf og lue med flette #2

Sett med knappeskjerf og hue til vart gåvesett til tanteunge som 
hadde bursdag her om dagen.
Strikka i deilig alpakka, i skikkeleg flott og knall rosa!

 Skjerfet er strikka med perlestrikk i Sandnes Alpakka og Drops Kid Silk,
medan huen er samme alpakka utan Kid silk.
*
Mønster er DETTE til knappeskjerf,
og HER finn du huen som er frå Garnstudio.
Skjerf: pinne 5  (120m)
Hue: pinne 3,5
Sidan huen skulle vere til 7-åring la eg opp berre 104 masker og tilpassa flette og lengda litt.
*
I forrige innlegg finn du settet i anna garn og farge

Og så eit lite kort til snuppa ♥

 

torsdag 19. februar 2015

❖Knappeskjerf og lue med flette❖

 Eg måtte ha noko tankeløst å strikke på i mellom mønsterstrikk på ein gensar eg held på med.
Den krev full konsentrasjon og ikkje kan eg vere særleg sosial når eg held på med den, så då må ein ha litt enklare prosjekt for handen å variere med.
Knappeskjerfet vart oppdaga hos flinke Eli Kristin/Skorpionens hjørne, både på blogg og instagram, 
og eg tenkte at dette må prøvast. 
Kjekk sak både til ein sjølv eller til gåve, og med hue til blir det eit veldig greit sett å gi bort.

 Mønster til knappeskjerf finn du HER (Ravelry)
Eg har brukt garn frå Viking: Alpaca Maya
(Mjukt og godt i halsen! Og synast fargen berre var heilt herleg!)
Pinne nr: 5
La opp 120 masker, den vart då passeleg til meg!
Her kan ein variere i storleik og type garn/ pinner, riller, perlestrikk mm 
Vil sjå litt forskjellig ut alt etter type garn/teknikk.
 Heilt ypperleg til å få brukt opp litt rester óg
då det ikkje går så mykje garn heller!

 Viking hadde akkurat samme farge i Alpaca Fine, som vart brukt i huen.
Mønster til hue er frå Drops, det finn du HER
Fulgte mønster, strikka på pinne 3 og 3,5
Strikka ca 4 cm lengre enn oppgitt på mønster ( før eg starta fellingane)
 for å få den litt meir baggy til mitt hode
(har laga den før og synast den då var litt knapp)

Dette settet vart ikkje eit gåvesett, det vart egostrikk denne gang!


onsdag 18. februar 2015

Strikkekjole i barselsgåve ♥

 En liten finkjole
fra Pickles sine mønstre har blitt strikka og gitt bort i barselsgåve.
Det er andre gang eg lagar denne kjolen, grei og relativt kjapp strikk!
Laga også ein "siklesmikke" og la med.
 Mønster på kjolen finn du HER hos Pickles
Eg har strikka i garn frå Drops Garnstudio: Merino Extra Fine
Pinne nr 3,5
Eg strikka i str 1-2 år ( då eg synast den vart liten i fht mønster sist)
Og den vart jommen meg ganske liten no óg, ikkje meir enn 3-4 mnd...
Men slik er det vel når ein ikkje brukar originalt garn....

Den forrige utgåva mi finn du HER


onsdag 4. februar 2015

Fritt etter Fana






















E N D E L I G !

Då er endelig boleroen "Fritt etter Fana" ferdig. Eg starta på den for 1 1/2 år sidan....
Den vart så ein ufo før eg tok den fram att etter jul og gjorde den ferdig.
I dag vart det derfor fotorunde på meg og kamera.
H U R R A
for fjernkontrollen eg fekk til jul til min Nikon D90.
No slepp eg mase på andre eller styre med sjølvutløyser og springe på plass!
(Greit med bilde av plagget på, og ikkje berre på golvet...)

Er i grunnen godt fornøgd med boleroen, kjempedeilig og varm. Kunne kanskje tenkt meg den nokre få centimeter lengre (spesielt framme....) 
Og blir vel aldri heilt fornøgd der eg plukker opp masker, men påsying av armane gjekk i grunnen betre enn frykta.
Eg var i utgangspunktet tenkt å brodere på den slik den er originalt, men etter rikeleg med monteringsarbeid, var eg i grunnen meir enn fornøgd, og fann ut at den blir heilt fin uten.....


Så kom sola fram og eg måtte nesten ta nokre bilde til....
Ikkje så enkelt å få fram fargane skikkelig med nokon av lysforholda eg hadde i dag, men pytt!



Mønster er frå denne boka til Sidsel j Høyvik: "Lekre masker og lekne sting"
(Mønster har óg stått i Familien og gjekk også, i allfall tidlegare, å bestille 
hos Sidsel j Høyvik på nett, sjå nettside)
Eg har brukt garn frå Sandnes: Alpakka. Lys blå og offwhite.
 Pinnenr.3,5
Str. L
(Elskar det garnet, mykt og deilig, men ikkje så lett å strikke heilt jamnt med)




Med ønsker om fine vinterdager, som her hos oss i dag!

tirsdag 3. februar 2015

✪ Denversokker ✪

 Jada, eg E R veldig glad i disse sokkene! ツ

Her er eit par eg strikka i sommar, som julegåve. (Må begynne tidleg skal ein kome rundt!)
Bileta var tatt og ferdig redigerte i august, 
men gløymte å legge ut bileta, skulle liksom ikkje avsløre julegåva, men 
det får no vere måte på treighet!
Disse er strikka i Rubin frå Gjestal (Spar Kjøp),
Ei som eg er tante til som ønska seg dei, ho har fått eit par tidlegare av disse i andre fargar,
(innlegg her)
 men samme garn, og ho var såå fornøgd med garnet (slitesterke, varme og gode)
så då vart det slik. Synast fargane vart så herlege, snakk om assosiasjoner til drops og sommer...
Og mønster er sjølvsagt Drops' "Denver"

Garn: Rubin
Pinne: 3,5mm/2,5mm
Mønster: Denversokk

Held på å sluttføre eit par til i disse dager, så snart kjem det vel eit "Denver-innegg" til! ツ