fredag 2. desember 2016

Papirarbeid......♥

 Det nermer seg julemesse på Holsen på søndag og her har det vore produsert litt forskjellig i det siste. Vi er to stykker som har bestemd oss for å kjøre på og lage god stemning med ein lokal julemesse, så får vi tru det dukkar opp nokre gjester... ツ

Her kjem litt av det som har vorte laga av papir.

 Pynta Toffifee-esker er ei grei gåve/helsing å gje vekk

 Vintags eller flaskekort om du vil, til å henge på flasker ein gjer vekk til jul.



 Fleire pynta Toffifee-esker





søndag 20. november 2016

❄ Stølstur ❄

 -Jølster-

I dag vart det endeleg tid til å komme seg ut i naturen ein tur.
Vi fann ut at vi skulle gå slik at vi kunne få vere litt i sola, og bestemde oss for 
ein støl i nærleiken som vi ikkje hadde vore på før; Østenstadstøylen i Jølster.
Vi såg på kartet og rekna med det skulle vere grei skuring å finne den, men det skulle vise seg å vere enklare sagt enn gjort... Vi starta på traktorveg, og det burde vere kurant, 
likevel var vi to ganger på veg i feil retning...
Slik er det når det går traktorvegar i alle retningar....men begge gangane skjønte vi 
det heldiggvis kjapt at det måtte vere feil og fekk retta opp.
 
 Verre vart når vi tredje gongen var heilt sikre på at vi tok av rett og følgde også ein stund nokon andre sine spor... Men vi havna i djup snø oppi bratt ur ved hogstfelt og kava oss fram, men ved hjelp av staheit, kart på telefon og magefølelsen gav vi ikkje opp og til slutt fann vi endeleg støylen! 
Ikkje så lett å finne sti under djup snø på ukjent grunn! 
Det som skulle vere ein lett stølstur vart til 6,5 km, og mykje av turen brøyta vi oss fram i snø...
Fekk no trimma oss i allefall!

 -Endeleg framme, dokumentering må til...

 Gjorde godt å sette seg ved stølsveggen og nyte ein varm kaffikopp!
 
PS! 
På veg ned igjen klarte vi det kunststykke å dra på oss ein halv kilometer ekstra, 
etter at vi bomma på eit vegskille på traktorvegen igjen! Er det mulig?? 
Det skal i allefall investeres i GPS...
(...hatt planer om det lenge...no er det på tide til vinteren!)



lørdag 19. november 2016

Baggylue ✪ voksen

Ei Baggylue fra Klompelompe har kome av pinnane.
Ikkje heilt fornøgd....desverre...
Synast den vart litt vel lang, endå  eg lagde kvar "rapport" ein omg mindre
enn det stod i mønsteret. Såg det altså an til at den kom til å bli i lengste laget...
Så det blir tvilsomt at eg kjem til ha den sjølv, sjølv om det var meininga i
utgangspunktet....får sjå om det er nokon andre som er meir begeistra enn eg...

Strikka i Sterk, pinne 3,5 og 4
litt meir enn 1 nøste
Mønster: Baggylue frå Klompelompe


onsdag 16. november 2016

✰ Kort ✰

 Har ikkje blitt laga så veldig mykje kort i år, men prøver no å halde 
nokolunde tritt med bursdagane i familien
Her er nokre få som ikkje har vore med her før.
Øverste er laga av ein eske som ein bretter til sjølv, kjøpt hos Søstrene Grene,
heilt grei å putte pengar inni...

 Dei to neste er korta til mine to håpefulle som hadde bursdag tidlegare i år.


****
 
 -Nordalen-
Eit bilde frå tur i nærområdet mitt under snøsmeltinga i vår



fredag 11. november 2016

Mariusgenser

 I haust var det rund dag på ei av mine søstre, så då bestemde eg meg for å 
"slå litt på stortromma" og lage strikkegenser i 30-års gåve.
Valet fall på Mariusgenseren med rund sal.
Litt utruleg å tenke på at i mai/juni i fjor var første gong eg strikka
Mariusgenser, og no litt over eit år seinare har eg faktisk 
strikka heile fem stykker!
Denne er også strikka med Sterk-garnet frå DSA
(unnateke det lyseblå øverst som er strikka i Sandnes Alpakka, 
då Sterk ikkje har noko tilsvarande i farge...)
Pinnenr. 3,5 
(mønster i pinnenr. 4)

 Eit glimt frå kortet som følgde med


Stemningsbilde frå ein tidleg morgon i september



tirsdag 8. november 2016

✼ Strikka skjørt ✼


Strikkaskjørt frå Sandneshefte, Barn 1502
Strikka i Drops Merino Extra Fine
Pinnenr 4

To av mine tantebarn har fått dette skjørtet i år



-Vestlandskjørt-

Vestlandskjørt frå Klompelompeboka 2
Strikka i Drops Merino Exstra Fine
Tantestrikk til ei litt større jente på 12 år


 
-Avsluttar med eit fjellbilde frå ein klår og fin dag litt tidlegare i haust-


mandag 7. november 2016

Long time -no see! ツ

Blir heilt himmelfallen når eg ser at eg ikkje har blogga på nesten eit år...!
Kjenner at eg har sakna det til ein viss grad, men samtidig har eg kjent på at det tok litt mykje tid å lage til innlegga, tid eg ynskte å bruke på andre ting...
Men, eg ser at det er utruleg kjekt å ha bloggen som eit slags album som det er kjekt å sjå innom for å sjå tilbake på kva eg har laga og ikkje minst som eit lite oppslagsverk når eg lurer på kva gjodre eg den gang då!
Og så har det vorte lettare å berre bruke Insagram då det er mykje kjappare og bruke bilder kjapt på telefonen, men det vert jo mykje knappare og mindre detaljert, spesielt når det gjeld handarbeid.

Eg er spent på om eg klarar å ta opp att tråden, men eg er instillt på å prøve litt, så får det heller bli litt i rykk og napp, alt etter kva tid som strekk til ツ
-Og så må eg jo berre sei at det er no litt kjekt når eg høyrer at folk har sakna innlegg frå meg! Tusen takk for slik "tillit" ❤

 Det har vore eit litt stille handarbeidsår, men litt har det no vorte.
Det har vore året for mange fine turer med fine motiv frå vårt vakre Vestland, som eg sjølvsagt burde hatt med litt av, men får gå for litt handarbeid no.
Eg får legge ut litt etterkvart av det, her kjem første runde ツ
*
Eg var ikkje sein å be når eldstemann proklamerte at han godt kunne hatt ein strikkegenser!
(Trudde aldri at det skulle skje!)

Det vart Mariusgenser i dei tradisjonelle fargane.
Strikka i Sterk frå Du Store Alpakka
(fortsatt yndlingsgarn ツ)
Herrestørrelse S
Brukte 8-9 nøster blå
litt meir enn 1 kvitt nøste
og litt raudt
Pinne 3,5 

 I vinter var det tid for egostrikk i form av ein Fanakofte til meg sjølv.
Har lenge hatt lyst på den. Skulle eigentleg strikke den i grå og kvit, 
men då grått var utseld i lange tider, valde eg å gå utanfor "safe-sone"
og er i grunn godt fornøgd med den, med fare for at eg kanskje må ha 
ein grå òg seinare ein gong...  ツ
*
Strikka i Sterk denne også.
Pinne 3,5
9 nøster (5 rosa og 4 kvit)


Tar med litt småstrikk frå våren...
"Allersmössan" til meg sjølv, strikka i Sterk!

 Var også innom nokre "Tora-pannebånd" frå Klompelompe.
Strikka i Drops Merino Extra Fine


Lite glimt frå ein flott stølstur i går i nydeleg klårt haustvêr


mandag 4. januar 2016

Strikka julegåver

 No er jula over og det går an å legge ut litt meir av det som vart strikka til jul.
Nokre forstod nok kanskje at dei kom til å få tovavotter...det var jo den heilt store farsotten, og ser på nett at den ser ut til å halde fram. Eg har sjølv brukt mine tovavotter i jula -kjempedeilige!

Men det var ikkje berre vottar under treet frå meg...
Desse sokkane vart strikka nesten etter fri fantasi.
Brukte Denversokken som utgangspunkt og fann litt Pac-man mønster på nett som vart miksa inn.
Garn er Sterk frå Du Store Alpakka
Pinnenr 3,5

To tantebarn som bur eit stykke unna fekk seg Mariusgensere til jul.
 Den første strikka i god tid, den andre i eit rasande tempo i begynnelsen av desember.
Den lokale butikken var tom for gråfargen, og etter mykje venting og stigande panikk, var det berre å bestille på nett, PJUH! Vart ferdig i tide til å sende til jul....
-Og rykte seier jentene vart fornøgd! 
Garn er igjen Sterk frå Du Store Alpakka

Min yngste niese fekk denne til jul.
Det er eit mønster av Tora Frøseth Design som heiter Magda,
du får kjøpt det  HER
Den vart stor i størrelsen (sjeldan eg opplever!), veit ikkje om det er garnet eller oppskrifta.
Den er strikka i Alpakka garn frå Nille, eit herleg garn å strikke og ser fint ut, 
blir spennende å sjå korleis det blir i bruk. 

*
Vel, det var litt strikking frå meg... neste post trur eg må bli turbilder, 
har vore fint turvêr her i jula, så det har vore herleg å komme seg ut!

Her er ein smakebit frå 1.nyttårsdag


onsdag 16. desember 2015

Tovavotter og juleinnpakking...

Strikkepinnene går litt på "repeat" for tiden, så her kjem endå nokre fargevariantar 
av Marius-tovavotter...
Eg strikkar i  Fritidsgarn,  der er det mange fine fargar å velge mellom, 
så då er det moro å strikke litt ulike for å sjå korleis dei blir.
Blir ikkje så lett lei heller då, men kjenner at no skal eg straks gje meg,
berre litt til...
 Er nok fare for at det blir nokre under juleteet i år, og så blir 
eg no nøydd å ha eit par sjølv òg... så må holde ut litt til.... ;)

 Blir valgets kval å velge farge til meg sjølv no då, er jo så mange fine alternativ!!!

 Onsdag er fridagen min, så i dag medan eg hadde huset heilt for meg sjølv
 nytta eg sjansen til å pakke inn julegåver!
Trur eg brukte nesten 3 timar!
-Men koste meg eg, altså! 
Fann ut at det var så koseleg med pakkane at dei skal få stå litt framme til pynt og lage stemning!
Her er eit lite utval...
 Med heimelaga lappar og fine band og papir vert gåvene ekstra kjekke å gje vekk

Ha fine førjulsdagar!
Her går vi frå julekortstemning til vêrmelding som antyder 
oppmot 10 varmegrader og mykje regn....
-Ikkje bra...