torsdag 2. mai 2013

Kom mai du skjønne milde...? ❄

 I dag var det dette synet som møtte oss når vi vakna....trøstesløst... ☃
Ikkje så mykje som minnar om vår her.
I går kom eg tilfeldig over innlegget eg la ut 2.mai for to år sidan, og må innrømme eg 
vart noko himmelfallen då eg såg kor det såg ut på samme tid i hagen...
Då var plenen grønn (no er den, når den ikkje er kvit, lysebrun og ikkje eit grasstrå å sjå), påskeliljene er i år på samme dag berre komne 1,5 cm opp av jorden, og hagemøblar har det no ikkje vore tema å ta ut enno...
Når ikkje ein gong snøklokkene vil blomstre er det vel heller eit dårleg tegn..

Vel, det er vel berre å smørje seg med tolmodigheit og håpe på bedre tider.
Mannen er i allefall ute og jobbar med den nye uteplassen, stakkar, men han ser vel behovet for ein uteplass med tak over hovudet...
✿ God vår! ✿

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar