fredag 12. september 2014

Fjelltur

 Blir ein del fjellbilde  her for tida, men det er berre så fantastisk ute, og må berre dele litt!
I dag vart det ettermiddagstur i nærområdet igjen. Vi er utruleg heldige så har all denne vakre naturen så nært! Turen gjekk til Sundsdalen / Kvanndalen og fjella der.

 Ein flott varde eg ikkje har namnet på, då eg ikkje er lokalkjend og heller ikkje finn namn på den på kartet. Men flott og firkanta var den, vi trudde først vi var komen på toppen og varden på Knausen, men fann ut på kartet at det ikkje var den,  og vi såg den òg eit godt stykke lenger inne, men det vart til at vi ikkje gjekk heilt fram, då tida begynte å bli knapp, og magen snart var klar for middag.....


 Vatnet her ligg på 694 moh

 Litt på kanten...

 Ganske så disig mot vest

 Ein fasinerande liten "varde" på vegen opp!
 Litt artig å sjå at den liknar litt forskjellig når ein ser den frå ulike vinklar

 Fann oss ein fin rasteplass på veg ned igjen

Heilefjellet med flotte Storehesten og Lisjehesten i framgrunnen.


søndag 7. september 2014

Nordheia - Friluftslivets dag

 I dag har det vore "Friluftslivetsdag" med ulike arrangement rundt om i landet.
Vi  tok ut på "eigahand" til Nordheiane i Førde. 
Det er ikkje langt frå der eg vaks opp, så fjella her er "heime".
Likevel er det faktisk første gang eg går til fots opp her, har berre gått her på ski tidlegare, så det var på høg tid å gå stien.
Turen er ikkje lang og heller ikkje av dei brattaste så det passa godt for 
eit trøblete kne som likar dårleg å gå nedoverbakkar.
 -Og ein får mykje "utsiktsvaluta" for pengane! ;)

Det var mykje vind på toppen, berre sjå på bikkja, he-he...., synast det var litt
 morosamt med den luftige bakoversveisen! :)
Vi gjekk vidare frå varden på Nordheia 662 moh. og bort på Djupvikenipa 650 moh. der utsikten vert enno betre mot fjorden.

Det var såpass vind i dag at vi måtte eit stykke ned att i lia for å ta nistepausen.
Det var ein blå-grå dag og det ber bilda preg av, men vi var heldige og slapp unna regn, det vart berre nokre få dropar, og litt meir når vi kom ned att til bilen. 
Berre eit par timar etterpå låg heile Nordheia frå vegen og heilt opp innhylla i tjukk tåke!
Så om sikten kunne vore klårare i dag, hadde vi trass alt flaks!

Tek med eit kart i dag òg om nokon er interessert (frå UT.no)
Har merka inn kor vi gjekk. Stien er ikkje merka, men heilt tydeleg frå parkeringsplassen (før tunnellen) og heilt opp! På toppen er det ein liten varde med moglegheit for å skrive seg inn i bok Ein startar altså på høgresida når ein kjem frå Førde. Det er ca 2 km til varden på fin sti. 
Ein fin tur når ein vil ha ein litt lettare "topptur" med flott utsikt!


lørdag 6. september 2014

Eikåsstølen

 I går ettermiddag vart det ein liten tur til Eikåsstølen i Jølster. 
Ein lett liten tur, men med fin utsikt litt opp i høgda.

Vêret var litt grått, men vi var heldige og slapp unna utan det heilt store av regn.
Litt lett yr rett etter vi starta, men så letta det litt og holdt seg fint til rett før vi satt oss i bilen igjen!
 
 Sheela var med å inspiserte utsikten mot vakre Jølster.
Det var traktorveg heilt opp til stølane, men vi valgte å gå litt lenger for å sjekke
 ut stien litt vidare og utsikten vart endå betre! Litt blåbær i magen vart det òg! :)

 Opp til stølane var det ca. 1 km lett oppover, så ein fin liten tur!

 Tek med eit lite kart (frå UT.no)
Vi tok av frå E39 ved Eikås og køyrde på den kommunale vegen oppover før vi etterkvart tok inn på grusvegen og parkerte der vegen gjekk over til "traktorveg" ved høgspentlina. 
Vegen oppover var merka med raude merker her og der (det var stien vidare oppover lia til fjells òg)


søndag 31. august 2014

Stølstur

 I dag vart det stølstur på oss, nydelege haustfargar i høgda, 
og litt forskjellig som "kom i vegen" for kameraet mitt ツ

 Denne lille karen var ikkje åleine, dei såg vi mange av, og nokre låg litt faretruande an i tråkket...

 Naturens eigne dekorasjonar er ikkje å kimse av!





 ...litt ymse dukka opp...

 Målet for turen var dei gamle tuftene på stølen i Bjørkedalsbotnen, 
som høyrer til gardsbruket der eg har vakse opp.

 Her er det berre å fantasere! ツ



 
 




lørdag 30. august 2014

Ut av tåka


Bilder tatt tidlegare i veka ein morgon på veg til jobb.
Blir ein heilt spesiell stemning av godvêrståka.
Tar ikkje med noko serleg tekst her, her er det berre for auge å nyte, det gjorde eg...







 Dette bilde er tatt med ein spesiell innstilling på kameraet, 
dei andre bilda er akkurat slik det faktisk var!




fredag 29. august 2014

Sommerfuglar i plommetreet

 Sommerfuglane likar òg plommer!
Vi har mykje plommer på opaltreet vårt i år, og mange klagar på at kvepsen er ein øydeleggande plage der han et seg inn i plommene. Vi har heldigvis ikkje vore spesielt plaga, men nokre er der.
Det ser derimot ut som sommarfuglane stortrivast i og under treet. Dei nyt herremåltid i nedfallsfrukt og der kvepsen har vore på ferde og laga hol.


 Har ikkje sett så mykje sommarfugl på ein gong i hagen før, det var ein fryd og fekk sommarfølelsen i sving att, med sommarfugl, sol og fortsatt blomstring! 

Dagsommerfugl:  Admiral Vanessa Atalanta




onsdag 27. august 2014

Haustklårt

Heimstaden min kryssa av og satt på kartet i dag!
Litt bilde frå trimtur i formiddag. Med det klåre fine vêret vi har i dag, måtte eg berre 
ha med kompaktkameraet mitt, sjølv om det er litt bale å jogge med hundebandet og kamera i hendene, men det måtte berre gå!
Utruleg fine fargar når lufta begynner å bli skarpare no om dagen...
No skal eg plukke og sylte litt meir plommer og kose meg med litt strikk innemellom :)






søndag 24. august 2014

Ein sommar er over....

 Sommaren er over for denne gang, no er det minnene vi skal leve på leeeenge...
Vi har vore på tur, først til Sverige med campingvogna, også ei veke i Kroatia etterpå.
(på bilde har eg klart å skrive juli, det var august! Er sikkert fordi det allereie føles 
så lenge sidan når ein kjem tilbake til kvardagen...)
 Eg tek med litt feriebilde før det igjen blir handarbeidsbilda som kjem til å råde!
(på høg tid, har vore bloggtørke lenge no...)

I år som ifjor valde vi Primosten i Kroatia, ei perle som kan anbefalast på det sterkaste!
Vêret var fantastisk, nesten for hett, men det lyt ein godta :)
Sommaren i Kroatia har visst ikkje vore av den beste sorten, men vi traff  godt ifølge lokalbefolkinga.
Ein av få heile veker der nede uten ein regndråpe og med temperatur godt over 30 gr. kvar dag!
Fantastiske flotte solnedganger!

Fargane er upåklagelege anten det er til vanns eller til lands! 
- og smaken av iskrem himmelsk!
*
*
*
Handarbeid har vore med i ferien også, og litt småtteri av strikk har vorte til i løpet av vår og sommar, men blogging har ikkje vore prioritert, så litt bilde av det kjem også etterkvart!
Det er berre å henge i strikkepinnane utover hausten skal eg rekke litt gåver!
See you!