søndag 28. april 2013

Ventar framleis på våren...


 Ikkje mykje å skrive heim om her...
-Eg ventar framleis på våren....


-Og medan eg ventar tek eg inn i hus nokre påminningar om kva som kjem...
Her er greinar frå plommetreet som no spring ut -inne, med nydelege små blomstrar


Ikkje særleg fruktbart her inne, men det får heller humlene ta seg av utandørs...
 

Medan eg ventar på denne våren då, ja for her er det alt anna enn vårlig, så er det lett å falle for freistinga til likevel å gå til innkjøp av plantar som altså må lengte ein stund til i vindaugskarmen...

 Desse stemorsblomstrane fekk lov å stå på trappa i natt, men om dei synast noko om det skal vere usagt. Då eg stod opp i dag tidleg (ja, veldig tidleg på ein søndag, kl.06.30) snødde det som berre det!
Det vil eg faktisk ikkje ha noko meir av no!
*
Eg hadde lovd meg vekk til å "sitte i døren" på ein hundeutstilling for å ta i mot betaling og sjekke vaksinasjonskort, mangt ein skal drive tida med tidleg ein søndagsmorgon! Men tidleg opp vart det, og eg skulle ikkje vere lengre enn til tolv, så når eg kom heim att fann eg ut at i staden for å sture over dårleg vêr var det berre å komme seg ut. Og når det likevel er regn og surt kan ein jo ta det heilt ut og sette i gang med meir vatn og sutling!
Det vart fram med høgtrykkspylaren og eit par timars jobbing med å spyle rein alt av natursteinsmurar og steinkantar.
Og no er eg sååå fornøgd med meg sjølv! 
Alt som er gjort av dritt-arbeid i dårleg vêr, betyr meir tid til å sitte i ro og nyte når det er fint vêr! :)

Det er berre å rette blikket framover og tru at SNART vert det ny uteplass,
SNART tid for å ta ut plantar som ventar utolmodigt inne, og SNART spirar det i frøkassen...
Eg får prøve å sjå det positive;
Våren ligg då i det minste FRAMFOR meg! 
Berre ELSKAR våren!

 

fredag 19. april 2013

Vårnytt til stova

Symaskinen har vore i sving!
Sist eg var i Bergen var eg innom S&S og kjøpte med meg litt stoff, 
no hadde det lege å godgjort seg og var klart til forvandling......
Ikkje det mest avanserte prosjektet, men etter planen!  
Litt nytt i stova gjorde seg!
Ny pute og ny løpar...

 Det har gått mykje i kvitt og grått, men no er eg klar for litt vårfargar!!! 
Kommer til å fortsette med dei to førstnemnde, men må supplere litt fargar inn.
Og kanskej dette settet er klart for å vere med ut om ein stund...
(-held på å bygge om litt på uteplassen vår! Jiiippiiii!)



mandag 8. april 2013

NM-gull i bogeskyting!

Det har vore ein innhaldsrik helg med eldstemann som deltakar i bogeskyting NM Innandørs.
NM gjekk av stabelen i Kristiansund, noko som innebar vel 6 timars kjøring kvar veg...
Andreas har berre halde på med bogeskyting sidan august, så han er fersk i gamet 
og førstereisgut på NM.
Ein spent gut og spente foreldre førebudde seg på ein lang helg, med mange timar i hallen...
270 påmelde deltakarar (største NM nokonsinne) tydar mange skytarar og sjølvsagt ein god del venteing, det var berre å smørje tolmodet!
Klar på tribune med kikkerten i handa vart instinkta fort vekka, så spennande det var å følge gutane!
Halvveges i innleiande runder såg vi at gutane våre som skaut lag låg godt an.

 Desse tre gutane frå Førde stilte lag (min gut til høgre)
Kjekke gutar er klar til dyst!
Og det gjekk ikkje verre enn at Førde sine gutar recurve rekrutt, vann lagkonkurransen og vart 

NORGESMEISTRAR!!!

Snakk om stas!
Gjett om det var nokre fornøgde gutar som avslutta laurdagen med gullmedaljar rundt halsen!
(Og gjett om foreldra var både stolt og rørt!)


 Søndagen var det klar for finalar individuelt. Gutane fekk, grunna god skyting i innleiande, "walkover" og gjekk rett i 1/8 finaler. Der gjekk det supert for dei alle tre og dei var alle kvalifisert til 1/4 finale! Bra jobba. 
Dei gjekk alle tre ut i denne runden og enda med flotte plasseringar; 6. 7. og 8. plassar i NM!
 Slett ikkje dårleg!
Til å vere heilt ferske, med berre opp til eitt års farstid på dei, kan dei seie seg godt fornøgde!
(Andreas tok 7.plassen)
Klubben hadde fleire andre deltakarar i andre klassar, og dei fleste gjekk til 1/4 finalar.
Eit sølv vart også delt ut til klubben i klassen Recurve Herre 50!
Totalt kom klubben på 10.plass (av 30) så Førde gjorde ein flott innsats!

GRATULERER!

 Då er det berre å trene vidare og satse mot nye mål!
 :)

tirsdag 2. april 2013

Tova tøfler II

 Her kommer runde to med tova tøfler.
Disse er laga til to av mine tantebarn og var ein lita påskehelsing frå tante.
Altså litt mindre størrelse enn dei i forrige innlegg.
-Og så pynta litt koseleg til små føter...

 Har nytta restegarn av Nepal, rillestrikk og tova i maskin.
Greit påskestrikk mellom skiturane :)


Eit nytt par er på pinnene, dei skal bli til snuppa her i huset...

Ha ein fin kveld!


mandag 1. april 2013

Tova tøfler

 Sjølv om det har vore tidenes påske vêrmessig, har det blitt tid til litt strikking likevel...
Eg har strikka på nokre tøfler både før og undeveis i påska. Her er det første paret som var prøve for å finne ut av størrelse. Dei vart akkurat passeleg til meg, heilt perfekt!
Strikka i Nepal, det var knytt litt spenning til dèt då eg ikkje har prøvd å tove det før,
 men det gjekk jo heilt supert!
Og dei vart berre heilt fantastiske å ha på! Mjukt, godt, varmt.
 Ingenting som klør -rett på foten!
Lykke!

Fleire utgåver kjem etterkvart!

Ønsker alle ein fin start på ein ny veke!
-snart er det helg igjen! ;)

søndag 31. mars 2013

Traa-hue og fjell...

 For ei tid sidan starta eg på ein hekla hue til eldstemann, for det MÅTTE vere hekla!
Problemet er berre at eg er ingen heklar og kjem nok aldri til å bli det, det er berre å innsjå at det er ikkje meg.....skulle sjølvsagt ønska det, men finn meg ikkje til rette med det...
Så då var det berre å rekke oppatt halvveges...
Etter mykje leiting på nett etter noko som kanskje kunne godkjennast av brukar, endte eg opp med denne som vert kalla Traa hue. Oppskriftsforklaring fann eg her hos NIKO
Strikka fram og tilbake som riller, ser nesten ut som eit sitteunderlag før eg starta å sy i hop.
Veldig enkel og grei sak å strikke!
Og best av alt:
OPPDRAG GODKJENT!
 

I dag blir det "innedag"
Vi har hatt eit fantastisk vêr, som dei fleste andre, og har vore på ski kvar dag, men i dag er det skya med litt snø i luften så no blir det å kose seg inne med påskeegga i dag! :)
Nokre bilde frå skiturar i påska:








Ha ein fin påske vidare!


tirsdag 26. mars 2013

Påskehelsing


 Eit par små påskegåver må til....
To små frøkner i Ålesund har fått påskehelsing av tante; pynta papirposer med litt
 heimestrikka og litt påskegodt oppi.


Posene er pynta med ymse papir og malte motiv. Stempla med Magnolias Tilda og malt med Distress.
Bokstavane i namna er stansa ut i mosegummi.
Papirposene er gjenbruk, og papira er frå "lageret", tenk at eg har kun har brukt av ting eg hadde frå før! Godt å få brukt av det ein har liggande... :)



Noko av innhaldet var strikka lommetøflar til jentene.

 
 Litt detaljar frå motiva
Kjekt med vårlege fargar og motiv!



Då er endeleg påskeferien i gang for meg òg! 
Juuuuhuu!
I det nydelege vêret vi har, er det ikkje fritt for at kroppen var svært klar for påskemodus no...





søndag 24. mars 2013

Innhaldsrik dag...



I dag har gressenka vore på oppdagelsesferd.
I staden for å gå aleine, spurde eg mor mi om ho ville vere med på tur. Kjekt for oss begge med selskap, og oppdagelsesferd likar vi! 
Eg har eit kne som streikar litt, men som er under behandling no, men eg har foreløpig forbud mot opp- og nedover bakkar, noko som er ein utfordring når ein bur på Vestlandet...
Men vi tok no beina fatt, i lag med to ivrige hundar, og ja, det var ikkje lenge før 
vi var midt opp i nokre bakkar...
-sjølvsagt-
Vi fann ut vi skulle gå opp på Fredheim, ikkje så langt unna der eg er vakse opp faktisk, 
men her har eg aldri vore opp og sett.
-Og tru det eller ei, dette er faktisk barndomsheimen til bestenor mi!
Utruleg kjekt å sjå! 
Huset er ikkje i familien, men dei som eig her held på med oppussing, med mål om å få det meir tilbake til slik det var tidlegare!
Så utruleg kjekt å sjå, håpar i grunnen på ein invitasjon til å få sjå inn seinare... :)

Her er  fantastisk flott utsikt, skjønar godt at bestemor mi savna den.

 Heilefjellet

   Reknar med at dette er eit gammalt kvernhus som har stått her sidan bestemor mi var ung, og som sikkert var i bruk då. Besta var fødd i 1900, så om det stod her då, er det ikkje av nyare dato...

 Etter turen, med innlagt pause til kaffi og mørk sjokolade, tok vi fatt på ein særs viktig oppgåve...
Hunden til mor mi trengte seg ein klypp, så det var berre å skride til verket!
Ho er 11 mnd og var blitt skikkeleg langhåra, så det var berre å sette i gang med maskina. 
Til å vere første gang ho blir maskinklypt gjekk det ganske bra. 
Mor mi holdt og klappa på ho, mens eg klypte...Ho var ikkje heilt villig, men så lenge ho ikkje såg skikkeleg kva som gjekk føre seg, gjekk det greitt...
Litt av ein forskjell vart det i allefall! 
Må nesten flire litt, kan knapt tru det er same hunden....


 Nå eg kom heim att i kveld tok eg desse to bilda. 
Øvste er teken mot kveldssola i vest, og bilde under er teken samtidig når eg snudde meg mot aust!

Ein flott start på påsken.
*
No er resten av familien komen heim att frå skihelg på Strandafjellet, skikkeleg fornøgde,
så no er vi  tilbake til normalen og klar for å kose oss i lag i påska,
-skal bere jobbe eit par dagar først...

fredag 22. mars 2013

...snart påske...

 Då har påskefargane så smått begynt å innta heimen hos meg...
Vert ikkje det heilt store, men litt må ein ha.






















Eg er skikkeleg gressenke i helga då mann og ungar er reist på Strandafjellet for å stå på ski.
Eg skal jobbe i morgon, så eg er heime og skal kose meg i mitt eige selskap, ja i lag med hunden då...

Litt selskap av nokre påskekyllingar har eg òg!


Å kose seg betyr sjølvsagt strikketøy, og no er eg heilt klar for ein herleg fredagskveld
med nettopp strikketøyet, hunden og gullrekka på tv!
Ha ein super kveld du òg!