lørdag 3. november 2012

Monsterbukse



I går fyllte den skjønne nevøen min 1 år, så no har det vore tid for å strikke Monsterbukse!
Har i grunnen lenge synast at denne er morsom og tenkt at det hadde vore moro å strikke den. 
Så då blei det slik, endeleg nokon i rette alder for monsterbukse!
Og greit med små karar at då er det ikkje såå mykje arbeid heller :)
Fann oppskrift på nettet ein plass, å jo HER var det visst..
Mange oppskrifter å finne når ein googler...
Fleire anbefaler å sy med litt tjukkare tråd enn den ein strikkar med, men eg  er ikkje heilt overbevist om at det var heilt lurt....Synast at blei litt klumpete...
Kva erfaring har de??





Kjekt å strikke striper i allefall, går fort unna då! :)
Og kjekt med litt spreke fargar, blir ofte mykje grått hos meg... ;)
Og no er ikkje det prosjektet hemmeleg lenger :)





Og så kortet som blei laga til den lille jubilanten:

 Stempelet er eit gamalt Pandurostempel som eg "grov" fram :)

No er det endeleg helg i heimen og pizzaen skal nytast
( i lag med eit strikk tenkjer eg.... ;)
God laurdagskveld!


2 kommentarer:

  1. Hei Anita!!!Denne monsterbuksa bare må eg lage til tantebarna mine.Men like godt likte eg merkelappane dine...kor har du fått tak i dei??
    Eg lager litt til salg...og til venner og familie.

    Helsing Wenche Vedvik

    WencheV

    SvarSlett
    Svar
    1. Merkelappane er frå "Mina namnband", berre å google dei så finn du!
      -Anita :)

      Slett