onsdag 30. januar 2013

Kaffikos og husarbeid...

 I dag har dagen starta med baking av knekkebrød.
-og sjølvsagt forefallande husarbeid...
Eg har dei siste dagane hatt litt rydesjau, ikkje at det er så grådig festleg å rydde,
men det er jo reine åpenberringa når det er gjort og ein kan entre inn i eit nyrydda rom!
Lykke!
Eg må berre innrømme eg er av sorten som HATAR at rotet kryp inn på meg, 
taklar det dårleg for å sei det mildt...
Men eit rydda rom er FANTASTISK! 
Så å rydde litt er verd det! Ikkje minst å få kaste litt er godt! ;)
Får liksom rydda litt i topplokket samstundes!

 *
No var det vaskerommet som stod for tur i går....
Der har eg ein del skap som fyllast opp med alt mogleg av sorten
"veit ikkje kor eg skal legge det akkurat no -berre få det VEKK så lenge..."
Slike skap og benkar har det med å verte ufattleg fort fulle!
Fekk gjort mykje i går , men har litt att,
(sjølv om eg fylde ein heil boss-sekk!)
men fekk gjort nok til at eg gleda meg til å gå inn der i dag!
Kall meg gjerne sprø, men den herlege følelsen eg får av at eit rom er nyrydda,
er så fantastisk at det må være sunt for kropp og sjel! ;)
*
Etter litt klesvask før frukost, var det klart for nylaga knekkebrød og ein god kopp kaffi...



1 kommentar:

  1. Åååå, jeg skjønner deg Anita, tro du meg. Får slike kick jeg også og da MÅ ting ryddes i. Det er ikke en glede som "alle" hos meg deler eller har så forståelse for, men jeg MÅ føle at det blir orden og ryddig innimellom hverdagens kaos og gjøremål. Godt med slike økter - og nydelig med kaffikos og ro også. Send meg litt vilje og energi, thi-hi ;)

    Nyt øyeblikket, kjære deg :)

    SvarSlett