lørdag 16. februar 2013

Sirkelsokkar og gjenbruk...



 Har strikka sirkelsokkar etter oppskrift frå bloggen til Jorunn; "Heim og hjertero"
Måtte teste desse og vere med på "Sokkalongen" som går på Skaperglede (Facebook) 
Besøk Jorunn sin blogg så får du mønster som ho har oversatt frå engelsk og info om "Sokkalongen"
Eli Kristin med "Skorpionen's hjørne" har òg laga desse, av litt tjukkare restegarn, 
anbefaler eit besøk hos ho også!
*
Med mitt prosjekt hadde eg som mål å få brukt opp restegarn, og det fekk eg, 
ikkje èin centimeter igjen av det lilla! Trudde eg skulle ha dei lilla heilt fram,
 men eg måtte bruke det rosa på tåa for å komme i mål.

Garn: Sterk, lilla (Du Store Alpakka) og Alpakka, rosa (Sandnes)
La opp 40m på pinner 3,5


Har ingen med så små føter i heimen, så dei blir ei gåve til ei lita snuppe med ei 
kjempesnill mamma, som eg set stor pris på å ha blitt kjend med!
*
Så til grunnen for restegarnet i Sterk:

Desse sokkane strikka eg for eit år sidan, i Drops Merino Extra Fine,
men etter å ha bøta dei under, for ente gang, fann eg ut at eg ville lage nytt frå ankelen og ned.
Ingen vits i å lage nytt alt når dei er like fine oppetter leggen.
Og det går jo kjempefort å strikke sokkar på denne måten :)
Fargen blei sjølvsagt ikkje lik, men pytt kva gjer no det...
Snuppa som er eigar vart i allefall fornøgd og sokkane er varme og gode!


4 kommentarer:

  1. Hihi, vi har samme sak i innleggene våre i dag, vi. =) Jeg strikker ofte ny fot på sokkene mine, for det er så synd å kaste de. Og jeg bøter aldri jeg da. =)
    Ha en herlig lørdag.
    Klem Tone

    SvarSlett
  2. Så morsomme sokker! Likte den lillafargen veldig godt, har ikke fått testet ut Sterk enda men nå fikk jeg veldig lyst :)

    Ha en fin lørdagskveld
    Klem

    SvarSlett
  3. Så flotte sokker - de var morsomme!
    Sterk er helt fantastisk til strikking av sokker, fins ingen bedre :)

    God lørdag,
    klemღ

    SvarSlett
  4. Sokkane blei kjempefine, begge para. Ganske lurt å rekke oppatt og strikke på med nytt garn, eg hadde antakelig kasta dei, men ser no at dette er smart!
    Håpar de får nokre fine fridagar! Kos dåkke :o))

    Mariann

    SvarSlett