lørdag 20. september 2014

4H-sokken, med mønster!



 På høg tid med noko kreativt igjen her! 
4H- sokken laga eg i vinter, så det er på tide å få det med her!
Inspirert av andre sokkar eg har halde på med fann eg ut at eg måtte lage ein sokk med 4H logo, 
då eg er stor 4H-fan (klubbrådgjevar med eigen plakett ) og har datter som er medlem, og ho 
måtte jo få seg ein skikkeleg 4H-sokk!
Vil du vite meir om 4H finn du 4H Norge si heimeside  HER

  Sokken vart publisert i Kløverknekten som er medlemsbladet frå 4H Sogn og Fjordane, men 
det kan jo vere fleire over det ganske land som er interessert i mønsteret, så her kjem det!
(Obs! Vrangborden på bilde avviker frå den som er nytta i mønsteret, den er 
laga som heilt "vanleg" vrangbord)


4H sokken

Str.37-39
Garn som passer til pinne nr 3,5 (Her brukt Sterk frå Du Store Alpakka)
Garnforbruk: Naturkvit: ca. 100 gr. Grøn: ca. 150 gr. Grå: under 50 gr.
Arbeidet strikkes rundt.

Legg opp 64 m på settepinner nr 2,5 med naturkvit. Strikk vrangbord =2r 2vr i 4 cm. Bytt til settepinner nr 3,5. og rettstrikk samstundes som det fellast 4 m jamt fordelt = 60m. Fortsett med M1 (obs! Alle mønster skal lesast nedanifrå, frå høgre!) Strikk vidare M2. Pass på å felle der det er merka i mønster. Fortsett med M3. Etter M3 strikk med grøn tråd til arbeidet målar ca. 24 cm.
Hæl: Behald dei første 13 m til hæl, sett dei neste 23 m på ein tråd og behald dei siste 13m til hæl (=26m til hæl) fortsett med glattstrikk over desse 26 m til hæl ca. 5 cm. Sett eit merke midt på arbeidet.
Hælfelling:
1.p =retten: Strikk til det står att 7m, ta neste maske laus av p som om den skulle strikkast rett, 1r, løft den løse masken over, snu arb
2.p =vrangen: Løft første maske av som om den strikkes vr. Strikk til det står att 7 m, strikk dei to neste vr saman, snu arb
3.p = retten: Løft første m av som om den strikkes r. Strikk til det står att 6 m, ta neste m laus av som om den skulle strikkast rett, 1 r, løft den lause masken over, snu arb.
4.p =vrangen: Løft første m av som om den strikkes vr. Strikk til det står att 6 m,strikk dei to neste vr saman, snu arb.
Fortsett å snu og felle på same måte slik det står att ein maske mindre for kvar vending til det til slutt står att 14 m på pinnen.
Plukk så opp 11 m på kvar side av hælen og dei 26 resterande maskene på tråden settast tilbake på pinnane (No er det 18 m på kvar av dei to hælpinnane og 13 på kvar av dei to pinnane oppå foten)
Strikk rundt samtidig som det fellast 1 maske i kvar side annankvar omg slik: (pinne 1 er den som startar midt på hel bak) pinne 1: strikk til det står att 3 m, strikk dei to neste m rett saman, 1 r. Pinne 2 og 3 strikkes r, pinne 4: 1 r, løft neste m av pinnen som om den skulle strikkes r, 1 r, løft den lause masken over, resten av pinnen strikkes r. Fell slik annankvar omg til det står att 11 m på hælpinnane, løft over ein m til kvar av dei andre pinnane slik at alle pinnane har 12 m. Strikk vidare til arb måler 18-20 cm frå hælmerke (alt etter fotlengde, ca. 4 cm igjen til heil lengde)
Tåfelling: Fellast i kvar side av foten, på 1 omg slik: 1p: strikk til det står att 3 m på pinnen, 2 m r sm, 1 r.  2 p: strikk 1 r, 1 m laus av, 1 r og trekk den lause masken over strikk r pinnen ut. 3 p: strikk som 1 p. 4 p: strikk som 2 p. Fell på same måte kvar 2 omg tot 4 ggr. Deretter gjenta fellinga kvar omg til det står att 8 m. Trekk tråden gjennom dei siste maskene og fest godt.

Strikk neste sokk på same måte, MEN om du vil ha 4H logoen på utsida på begge sokkane må 4H mønsteret (M2) strikkast slik at du byrjar rett før siste kløver på sokk to.

 


Lykke til!
-Og du! Om du nyttar mønsteret og har blogg, så link gjerne til meg og legg gjerne igjen kommentar hos meg slik at eg får sjå DITT resultat!



2 kommentarer:

  1. Kjempefine sokker! Og for noen delikate farger!:)

    SvarSlett
  2. Har to barnebarn som er med i 4H, de ville ha sokker.Gutten ville ha bare med 4H-logoen på.Resultat kommer på nyåret.👍👍

    SvarSlett