søndag 16. november 2014

Flugestøylen

 I dag gjekk turen til Flugestøylen i Jølster.
Er ikkje anna enn utruleg at vi kan gå til fjells i 10 varmegrader midt i november!
-og det var ikkje eit vindpust på vegen heller!
 
Har ikkje vore her før, det viste seg å vere ein superfin, lett tur til støls.
Ca. 3 km å gå frå parkering og fram til støylen. Lett terreng/sti som passa fint for kneet mitt som ikkje er glad i nedoverbakkar.


 Ein liten rast på støylen

 Herfrå kan ein fortsette framover ein 3-4 km til, og komme ned att i Botnen i Angedalen,
 det skal jammen prøvast ut ein anna gong!








Store delar av stien var reine luksus!
Mange plassar var det lagt ned mykje arbeid med steinlagt sti.

-Og så var det kjekt med alle dei lokale namna som var merka på skilt undervegs. Namna dei brukte
før i tida har lett for å bli gløymde, men her har det vore gjort ein flott jobb slik at andre kan få kjennskap til dei og at dei blir hugsa for etttertida. Det gir også litt undring undervegs på kva som har vore historiane bak namna....

 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar