torsdag 19. februar 2015

❖Knappeskjerf og lue med flette❖

 Eg måtte ha noko tankeløst å strikke på i mellom mønsterstrikk på ein gensar eg held på med.
Den krev full konsentrasjon og ikkje kan eg vere særleg sosial når eg held på med den, så då må ein ha litt enklare prosjekt for handen å variere med.
Knappeskjerfet vart oppdaga hos flinke Eli Kristin/Skorpionens hjørne, både på blogg og instagram, 
og eg tenkte at dette må prøvast. 
Kjekk sak både til ein sjølv eller til gåve, og med hue til blir det eit veldig greit sett å gi bort.

 Mønster til knappeskjerf finn du HER (Ravelry)
Eg har brukt garn frå Viking: Alpaca Maya
(Mjukt og godt i halsen! Og synast fargen berre var heilt herleg!)
Pinne nr: 5
La opp 120 masker, den vart då passeleg til meg!
Her kan ein variere i storleik og type garn/ pinner, riller, perlestrikk mm 
Vil sjå litt forskjellig ut alt etter type garn/teknikk.
 Heilt ypperleg til å få brukt opp litt rester óg
då det ikkje går så mykje garn heller!

 Viking hadde akkurat samme farge i Alpaca Fine, som vart brukt i huen.
Mønster til hue er frå Drops, det finn du HER
Fulgte mønster, strikka på pinne 3 og 3,5
Strikka ca 4 cm lengre enn oppgitt på mønster ( før eg starta fellingane)
 for å få den litt meir baggy til mitt hode
(har laga den før og synast den då var litt knapp)

Dette settet vart ikkje eit gåvesett, det vart egostrikk denne gang!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar