søndag 20. november 2016

❄ Stølstur ❄

 -Jølster-

I dag vart det endeleg tid til å komme seg ut i naturen ein tur.
Vi fann ut at vi skulle gå slik at vi kunne få vere litt i sola, og bestemde oss for 
ein støl i nærleiken som vi ikkje hadde vore på før; Østenstadstøylen i Jølster.
Vi såg på kartet og rekna med det skulle vere grei skuring å finne den, men det skulle vise seg å vere enklare sagt enn gjort... Vi starta på traktorveg, og det burde vere kurant, 
likevel var vi to ganger på veg i feil retning...
Slik er det når det går traktorvegar i alle retningar....men begge gangane skjønte vi 
det heldiggvis kjapt at det måtte vere feil og fekk retta opp.
 
 Verre vart når vi tredje gongen var heilt sikre på at vi tok av rett og følgde også ein stund nokon andre sine spor... Men vi havna i djup snø oppi bratt ur ved hogstfelt og kava oss fram, men ved hjelp av staheit, kart på telefon og magefølelsen gav vi ikkje opp og til slutt fann vi endeleg støylen! 
Ikkje så lett å finne sti under djup snø på ukjent grunn! 
Det som skulle vere ein lett stølstur vart til 6,5 km, og mykje av turen brøyta vi oss fram i snø...
Fekk no trimma oss i allefall!

 -Endeleg framme, dokumentering må til...

 Gjorde godt å sette seg ved stølsveggen og nyte ein varm kaffikopp!
 
PS! 
På veg ned igjen klarte vi det kunststykke å dra på oss ein halv kilometer ekstra, 
etter at vi bomma på eit vegskille på traktorvegen igjen! Er det mulig?? 
Det skal i allefall investeres i GPS...
(...hatt planer om det lenge...no er det på tide til vinteren!)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar